PsykNettVest

Forskingsavdelinga, Divisjons psykisk helsevern

PsykNettVest er eit nytt, regionalt, forskingsnettverk som starta opp i 2015. Nettverket er forankra i alle fire helseføretak i Helse Vest.

Forskingsnettverket PsykNettVest starta opp i 2015, og er ei vidareføring av dei tre forskingsnettverka som starta opp i 2007. Dei tre forskningsnettverka blei avslutta ved nyttår 2014, meir informasjon lenger ned på nettside.

PsykNettVest er i ei oppstartsfase og meir informasjon om nettverket kjem.

Ønskar du informasjon?
Send oss gjerne ein e-post: pvn@ihelse.net

Bakgrunn og historikk -
Regionale forskingsnettverk innan psykisk helse

Med utgangspunkt i utgreiinga «Forskningsprogram for psykiatri og psykisk helse» frå 2004, vedtok Det regionale samarbeidsorganet (Samarbeidsorganet), Helse Vest RHF, i 2005 å leggje ei strategisk forskingssatsing inn mot området psykisk helse.

​​​​For å starte og styrkje denne satsinga, oppretta samarbeidsorganet i 2007 tre regionale nettverk for klinisk forsking innan angst, psykose og stemningslidingar. Nettverka er forankra i helseføretaksstrukturen. Samarbeidsorganet har utarbeida retningslinjer og mandat for nettverka, der det blant anna står:

«Nettverkene må forankres i aktive, kliniske miljø. Det regionale samarbeidsorganet er spesielt opptatt av at nettverkene skal generere god forskning.»

Forskingsnettverk

  • Angstlidingar

    Regionalt forskingsnettverk for angstlidingar er eitt av tre nettverk finansiert av Helse Vest RHF. Det er eit mål for nettverket å knyte til seg fleire prosjekt innan angstlidingar.

  • Stemningslidingar / MoodNet

    Regionalt forskingsnettverk for stemningslidingar er eitt av tre regionale forskingsnettverk for psykisk helse i Helse Vest RHF. MoodNet blei oppretta i februar 2007 og blir leia av professor dr. med. Anders Lund, Universitetet i Bergen og...

  • Klinisk psykoseforsking

    Med utgangspunkt i «Forskningsprogram for psykiatri og psykisk helse» (15.12.04) har Det regionale samarbeidsorganet i sak 24/2006 vedtatt å løyve kr 1,5 millionar årleg av strategiske forskingsmiddel til regionale nettverk for forsking innan psykose.