MoodNets medforskargruppe i brukarinvolvert forsking

Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

MoodNet har heilt frå oppstarten i 2007 ønsket å inkludere brukarperspektivet i forskinga. Personar med eigenerfaring har ein unik og verdifull kunnskap om dei psykiske problema knytta til stemningslidingar og konsekvensane for den enkeltes liv i kvardagen.

Dei er såleis særleg kvalifiserte til å definere nye og sentrale forskingsspørsmål.

Medforskarar

På bakgrunn av dette ønsket blei nokre forskarar og brukarar, heretter kalt medforskarar, invitert til eit møte for å diskutere korleis ein kan arbeide med brukerinvolvert forsking og aktuelle problemstillingar for forskingsprosjektar.

Sidan MoodNet er eit regionalt nettverk var det viktig å få med personar frå alle dei fire helseforetaka (Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger).

Vidare blei ein forskar med erfaring innan feltet ansatt i ein 20 % bistilling for å bidra til å bygge opp MoodNets kompetanse innan brukarinvolvering.

Oppstart

Det første møtet fann stad i Bergen hausten 2007, og medforskargruppa bestod av tolv personar med brukarerfaring. Vidare deltok ein forskar med brukarerfaring og fem forskarar utan brukarerfaring innan psykisk helse.

Målsettinga var i første omgang definert som å utvikle eit brukarinvolvert PhD-prosjekt (doktorgradsprosjekt). Dette skulle være eit prosjekt kor medforskarar definerte problemstillinga, kor personar med eigenerfaring skulle delta i dei ulike delane av forskingsprosessen og samtidig skulle alle dei vitenskapelege krava som søknadsprosedyrar om forskingsfinansiering og opptak på PhD-program forutsettar ivaretakast.

Dette arbeidet resulterte i prosjektet «Betringsprosessar ved bipolare lidingar», leia av psykolog og PhD-stipendiat Marius Veseth, som disputerte 23. januar 2013.

Gruppas samansetting

Medforskargruppa si sammensetting har endra seg noke sidan det første møtet hausten 2007, og består per februar 2013 av følgjande personar: 

  • Bengt Sundfør (Helse Fonna)
  • Wenche Evensen (Helse Fonna)
  • Inge Asheim (Helse Stavanger)
  • Arild Johnsen (Helse Stavanger)
  • Birthe Sveinsvoll Røtting (Helse Stavanger)
  • Solfrid Lillebø (Helse Førde)
  • Åse Skjølberg (Helse Førde)
  • Lise Sløk Tvedt (Helse Bergen)
  • Magdalena Krossgått (Helse Bergen)
  • Marit Borg (Forskargruppa, 20 % bistilling og gruppeleiar)
  • Terje Binder (Forskargruppa, prosessleiar)
  • Marius Veseth (Forskargruppa, PhD-stipendiat og koordinator)

Kontaktperson

Marit Borg, professor og gruppeleiar
Send e-post

Meir informasjon

Bipolare lidingar og betring - Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse Omtale av Marius Veseths doktorgrad - Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.