Effektar av elektrokonvulsiv behandling (ECT) ved alvorleg depresjon

Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

ECT er eit viktig behandlingsalternativ for pasientar med alvorleg depresjon. Den kliniske effekten er godt dokumentert, men vi treng meir kunnskap om korleis ECT verker på hjernen og kva som gjer at ECT hjelper mot depresjon.

Gruppebilde forskargruppe. Foto
 

Studien er ein prospektiv studie som undersøker effektar av elektrokonvulsiv behandling (ECT) ved alvorleg depresjon. Studien er tverrfagleg og brukar avanserte metodar for avbilding av hjernen (nevroradiologi), nevropsykologiske testar og ei rekke blodprøver.

Prosjektet i forskningsregisteret til Helse Vest

Bakgrunn

ECT er eit viktig behandlingsalternativ for pasientar med alvorleg depresjon som ikkje har respondert på anna  behandling. Metoden har vært brukt i over 70 år, og vert i dag brukt ved ei lang rekke sjukehus i Noreg. Den kliniske effekten er godt dokumentert, men vi har inga god forståing  av korleis  ECT verker på hjernen og kva som gjer at ECT hjelper mot depresjon.


Mål

Målet med denne studien er å undersøke korleis ECT verkar og forstå kvifor ECT har positiv effekt.  Det er også eit mål og sjå på potensielt skadelege biverknader.

Metode

I ECT-MRI-studien kombinerer vi grundige undersøkingar  av nevrokognitiv funksjon, behandlingseffekt, avanserte bildeundersøkingar  og undersøkingar  av markørar i blod. Vi registrerer også pasienten si eiga oppleving  av effekten av behandlinga og biverknader.

Ved avanserte MR-undersøkingar  ser vi etter strukturelle og funksjonelle endringar i hjernen (MR spektroskopi). Biomarkører i blod kan illustrere dei underliggande mekanismane, og vi kan sjå etter samanhengar mellom funn på nevropsykologiske testar og behandlingseffekt.

Vi samanliknar data med friske personar i samme alder, og med pasientar som elektrokonverteras (elektrisk støyt mot hjartet) for å stoppe atrieflimmer. Inklusjon av studiepasientar pågår frem til januar 2018.

Publikasjonar

2015

Leif Oltedal, Ute Kessler, Lars Ersland, Renate Gruner, Ole Andreas Andreassen, Jan Haavik, Per Ivar Hoff, Åsa Hammar, Anders M. Dale, Kenneth Hugdahl and Kjetil J. Oedegaard

«Effects of ECT in treatment of depression: study protocol for a prospective neuroradiological study of acute and longitudinal effects on brain structure and function» BMC Psychiatry (2015)15: 94.

2017

Leif Oltedal, Hauke Bartsch, Ole Johan Evjenth Sørhaug, Ute Kessler, Christopher Abbott, Annemieke Dols, Max L Stek, Lars Ersland, Louise Emsell, Philip van Eijndhoven, Miklos Argyelan,Indira Tendolkar, Pia Nordanskog, Paul Hamilton, Martin Balslev Jorgensen, Iris E Sommer,Sophie M Heringa, Bogdan Draganski, Ronny Redlich, Udo Dannlowski, Harald Kugel, Filip Bouckaert, Pascal Sienaert, Amit Anand, Randall Espinoza, Katherine L Narr, Dominic Holland, Anders M Dale, Ketil J Oedegaard

"The Global ECT-MRI Research Collaboration (GEMRIC): Establishing a multi-site investigation of the neural mechanisms underlying responseto electroconvulsive therapy" NeuroImage: Clinical 14 (2017) 422–432

Postere

2015

Vera Erchinger, Lars Ersland, Ketil J Ødegaard, Ute Kessler, Leif Oltedal (2015)

Leif Oltedal, Ute Kessler, Nathan S White, Hauke Bartsch, Bjarne Hansen, Lars Ersland, Renate Grüner, Joshua Kuperman, Dominic Holland, Kenneth Hugdahl, Ketil J Ødegaard, and Anders M Dale (2015)

2016

Ole Johan Evjenth Sørhaug , Lars Ersland, Leif Oltedal, (2016)

Vera Erchinger, Lars Ersland, Alexander Craven, Kenneth Hugdahl, Ralph Noeske, John Evans, Ketil J. Ødegaard, Ute Kessler, Leif Oltedal (2016)

Leif Oltedal, Hauke Bartsch, Ole Johan Evjenth Sørhaug, Ute Kessler, Lars Ersland, Christopher Abbott, Bogdan Draganski, Indira, Tendolkar, Pia Nordanskog, Martin Jorgensen, Annemieke Dols, Wendy Nieuwdorp, Louise Emsell, Miklos Argyelan, Amit Anand, Katherine Narr, Anders M. Dale and Ketil J. Oedegaard (2016)

Kontakt oss

Portrett Leif Oltedal. Foto Leif Oftedal

Postdoktor i prosjektet og ansvarleg for dei nevroradiologiske undersøkingane.





Prosjektgruppe

Portrett Kjetl Ødegaard. FotoKetil J. Ødegaard

Leiar, professor




Portrett Leif Oltedal. FotoLeif Oltedal

Postdoktor, ansvarleg for nevroradiologiske undersøkingar




Portrett Ute Kessler. FotoUte Kessler

Psykiatar, ansvarleg for ECT-behandling og kliniske aspektar




Portrett Åsa Hammar. FotoÅsa Hammar

Professor, ansvarleg for dei nevropsykologiske testane





Jan Haavik

Professor, Institutt for biomedisin
(KG Jebsen senter for nevropsykiatriske lidingar)

Samarbeidspartnarar

Ei rekke forskarar og samarbeidspartnarar er involvert i prosjektet:

  • Lars Ersland (MR -fysikar, Helse Bergen)
  • Kenneth Hugdahl (Bergen fMRI gruppe)
  • Eli Renate Grüner (MR-fysikar, Helse Bergen)
  • Anders M Dale (MR-sekvenser/analyser, University of California San Diego )
  • Ole Andreas Andreassen (NORMENT)
  • Peter Schuster (Hjarteavdelinga, Helse Bergen)
  • Njål Brekke (Radiologisk avdeling,PET-senteret, Helse Bergen
  • Ieva Leskauskaite (Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen)

Fleire forskerlinjestudentar har prosjekt som er knytta til studien:

  • Vera Jane Erchinger
  • Ole Johan Eventh Sørhaug
  • Tore Ivar Malmei Aarsland
  • Andrea Stautland