Bergen Mental Health Research Center - BMH-senteret

BMH-senteret (Bergen Mental Health Research Center) er eit tverrfagleg forskingssenter med fokus på å auke forståinga for alvorlege psykiske lidingar, der fleire fagmiljø frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen er involvert.

​Utgangspunktet er at integrering av ny kunnskap og avansert metodikk frå fleire fagfelt er nødvendig for å løyse dei utfordringane som forsking på alvorlege psykiske lidingar står overfor.

Forskarskolen IGSIN er etablert i eit samarbeid med Psykologisk fakultet og Medisinsk fakultet ved Universitetet i Bergen.