Forskingsavdelinga, Divisjons psykisk helsevern

PsykNettVest

PsykNettVest er eit nytt, regionalt, forskingsnettverk som starta opp i 2015. Nettverket er forankra i alle fire helseføretak i Helse Vest.

Forskingsnettverket PsykNettVest starta opp i 2015, og er ei vidareføring av dei tre forskingsnettverka som starta opp i 2007. Dei tre forskningsnettverka blei avslutta ved nyttår 2014, meir informasjon lenger ned på nettside.

PsykNettVest er i ei oppstartsfase og meir informasjon om nettverket kjem.

Ønskar du informasjon?
Send oss gjerne ein e-post: pvn@ihelse.net

Bakgrunn og historikk -
Regionale forskingsnettverk innan psykisk helse

Med utgangspunkt i utgreiinga «Forskningsprogram for psykiatri og psykisk helse» frå 2004, vedtok Det regionale samarbeidsorganet (Samarbeidsorganet), Helse Vest RHF, i 2005 å leggje ei strategisk forskingssatsing inn mot området psykisk helse.

​​​​For å starte og styrkje denne satsinga, oppretta samarbeidsorganet i 2007 tre regionale nettverk for klinisk forsking innan angst, psykose og stemningslidingar. Nettverka er forankra i helseføretaksstrukturen. Samarbeidsorganet har utarbeida retningslinjer og mandat for nettverka, der det blant anna står:

«Nettverkene må forankres i aktive, kliniske miljø. Det regionale samarbeidsorganet er spesielt opptatt av at nettverkene skal generere god forskning.»

Fann du det du leita etter?