Erfaringspanelet for psykisk helse og rus søker nye medlemmer

Medlemmer i Erfaringspanelet for Divisjon psykisk helsevern og Avdeling for rusmedisin ved Haukeland Universitetssjukehus har som oppgåve å gi råd ut frå eigne erfaringar som brukarar og pårørande. Medlemmene skal ivareta at erfaringskompetansen blir høyrd, til nytte for vidare utvikling av tenestene.

​Vi legg vekt på at Erfaringspanelet skal vere samansett av personar med ulik kompetanse og erfaring. Erfaringspanelet skal setje fokus på sentrale problemstillingar innan psykisk helsevern og rusmedisin. 

Erfaringspanelet består i dag av 16 medlemmer og dei møtest om lag 6-7 gonger i året. Du må rekne med å bruke om lag 3 timar i kvart møte.

Oppgåver:

  • Delta aktivt i møta og fremje refleksjon
  • Delta aktivt i utvikling av tenestene på pårørande og brukarar sine premiss
  • Delta i ulike arbeidsgrupper og utval med meir

Kvalifikasjonar:

  • Du har eiga erfaring innan psykisk helsevern og/eller rus
  • Du har eit avklart forhold til eigenerfaringa di
  • Gode norskkunnskaper
  • Vi legg vekt på at den som søker er personleg eigna
  • Minoritetsspråklege blir særleg oppfordra til å søke

Vi kan tilby:

  • Honorar
  • Eit godt og triveleg miljø

Søknaden bør innehalde:
Alder, og om du har pårørende eller eigenerfaring. Den bør også inneholde litt om deg sjølv, kva du kan bidra med og korleis du tenkjer at din erfaringskompetanse kan vere til nytte for andre.

Har du spørsmål?
Kontakt, Ove Vestheim,
Leiar i Erfaringspanelet for psykisk helse og rus, Helse Bergen
Tlf: 48 17 32 01

Søknad sender du på epost til:
ove.vestheim@helse-bergen.no

Søknadsfrist 1. november

Les meir om Erfaringspanelet