Erfaringspanelet for psykisk helse og rus søker nye medlemmar

Medlemmar i Erfaringspanelet for Divisjon psykisk helsevern og Avdeling for rusmedisin har som oppgåve å gi råd ut frå eigne erfaringar som brukar eller pårørande. No søker vi fleire medlemmar.

Erafringspanel.foto
 

Som medlem av Erfaringspanelet tar du også imot innspel frå andre brukarar og pårørande, og formidlar det vidare, til nytte for utvikling av tenestene. Vi legg vekt på at Erfaringspanelet skal vere samansett av personar med ulik kompetanse og erfaring. Erfaringspanelet skal sette fokus på sentrale problemstillingar i psykisk helsevern. 

Erfaringspanelet består av 18 medlemmar og har møte ca. 6-7 i året. Du må rekne med å bruke ca. 3 timar i kvart møte.

Oppgåver:

  • Delta aktivt i møta og fremje refleksjon
  • Delta aktivt i utvikling av tenestene på premissar frå pårørande og brukarar
  • Delta med di erfaring i ulike komitear og utval med meir

Kvalifikasjonar:

  • Eigenerfaring innanfor eit av desse felta blir prioritert: Psykose/depresjon/erfaring som pårørande
  • Vi legg vekt på at søkarar må vere personleg eigna for å vere med i erfaringspanelet

Vi kan tilby:

  • Honorar
  • Eit godt og stimulerande miljø

Søknaden bør innehalde litt om deg sjølv og di eigenerfaring med psykiske lidingar, korleis du ønsker å bidra inn i erfaringspanelet, og korleis du tenkjer at din erfaringskompetanse kan vere til nytte for andre.

Kontakt

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:

Ove Vestheim, tlf. 481 73 201
Leiar i erfaringspanelet for psykisk helse og rus, Helse Bergen

Søknadsfrist:  Mandag 8. april 

Søknad sender du på epost til:
ove.vestheim@helse-bergen.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.