Ny evalueringsrapport av MOT82

MOT82 er eit musikkoppfølgingstilbod i Åsane for menneske med psykisk liding. Det er no gjennomført ei ny evaluering av prosjektet. Evalueringa er ei brukar-spør-brukar-evaluering og i rapporten får du innblikk i dei ulike sidene av prosjektet og i korleis deltakarane opplever tilbodet om musikkoppfølging.

Prosjektet er initiert av Bjørgvin DPS og gjennomført i samarbeid med kommunale instansar, ettersom utgangspunktet er behovet for samhandling og oppfølging.

Prosjektet er støtta av ExtraStiftelsen 2017 – 2018. Bergen kommune
overtar drifta frå og med 1/1 2019.

​Les heile evalueringsrapporten