Akutt behandlingstilbod - Bjørgvin DPS

Alle akutte tilvisingar frå opptaksområdet på dagtid måndag til fredag går til akuttvakt i poliklinikk.

​Akuttvakta i poliklinikk samarbeider med andre funksjonar i DPSet og akutt ambulant team, som har opningstid fram til klokka 22 på kvardagar og i helg frå klokka 11 til 18.

Vanlegvis får ein time same eller neste dag i den poliklinikken ein soknar til.

For Nordhordland gjeld i tillegg eigen avtale med interkommunal legevakt. Der kan psykolog i vakt kontaktast  /rykke ut frå klokka 16.00-22.00 på kvardagar og klokka 12.00-18.00 i helg. ​