Ytre miljø

Ytre miljø arbeider med påverknaden som sjukehusdrifta har på naturen. Sjukehusdrifta gir i dag utslepp til luft, vatn og jord, samt at store naturressursar går til produksjon av ulike produkt. Oppgåva vår blir å arbeide for å gjere påverknaden på naturen minst mogleg.

Les meir om Ytre miljø

Ytre miljø

Ved å arbeide med miljøspørsmål bidrar vi med å førebygge helseproblem som kan komme av ulike forureiningar. Ytre miljø er ein del av HMS-seksjonen. HMS (helse, miljø og sikkerheit) er det systematiske arbeidet som alle medarbeidarar i Helse Bergen skal drive i fellesskap, for å sikre at drifta ikkje forårsakar negative skadeverknader på arbeidstakarane, pasientar og pårørande, naturen, utstyr og bygningar.
Helse Bergen er miljøsertifisert etter ISO 14001-standarden. Gjennom miljøstyringssystemet blir miljøfokuset ein integrert del av drifta og stiller krav til kontinuerleg forbetring.

Miljømål

Helse Bergen har satt seg fire overordna miljømål. Måla er baserte på miljøpolitikken og kartlegginga av miljøaspekta i Helse Bergen.

Miljømåla 
Ha miljøbevisste medarbeidarar
Redusere utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn
Redusere miljøpåverknaden frå produkt
Redusere ressursforbruket

Lokale miljømål
For at Helse Bergen skal klare å nå sine overordna miljømål, er vi avhengige av at dei ulike klinikkane og avdelingane set lokale miljømål.

Miljøpolitikk

Miljøleiing er ein del av HMS-systemet og ein integrert del av kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeidet. Vi skal kontinuerleg arbeide for miljø- og klimaforbetringar av sjukehusdrifta ved å:

  • arbeide aktivt innanfor dei områda som gir størst miljøgevinstar
  • informere og mobilisere medarbeidarar og samarbeidspartnarar til miljøansvarleg åtferd
  • sette strengare miljøkrav enn styresmaktene har sett som minimumskrav der det er teknisk og økonomisk mogleg
  • ta i bruk tekniske og organisatoriske løysingar som er positive for det ytre miljøet
  • sette miljømål og lage handlingsprogram som støttar opp om miljøpolitikken til organisasjonen 

(Vedteke 10. oktober 2017)

Miljørapportar

Miljørapport 2014.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljørapport 2014.pdfMiljørapport 2014.pdf
Miljørapport 2012.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljørapport 2012.pdfMiljørapport 2012.pdf
Miljørapport 2010.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljørapport 2010.pdfMiljørapport 2010.pdf
Miljorapport 2016.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2016.pdfMiljorapport 2016.pdf
Miljorapport 2015.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2015.pdfMiljorapport 2015.pdf
Miljorapport 2009.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2009.pdfMiljorapport 2009.pdf
Miljorapport 2008.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2008.pdfMiljorapport 2008.pdf
Miljorapport 2007.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2007.pdfMiljorapport 2007.pdf
Miljorapport 2006.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2006.pdfMiljorapport 2006.pdf
Miljorapport 2005.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Miljorapport 2005.pdfMiljorapport 2005.pdf
Helse Bergen Energi- og klimaregnskap 2015.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Helse Bergen Energi- og klimaregnskap 2015.pdfHelse Bergen Energi- og klimaregnskap 2015.pdf
Helse Bergen Energi- og klimaregnskap 2014.pdfhttps://helse-bergen.no/seksjon/ytre_miljo/Documents/Helse Bergen Energi- og klimaregnskap 2014.pdfHelse Bergen Energi- og klimaregnskap 2014.pdf




Kontakt

Oppmøtestad
3. etasje i Jørgen Sandbergs hus
Telefon
92607947
Jørgen Sandbergs hus
Besøksadresse
Jonas Lies vei 73 (Rødt hus i sykehusparken)(Google maps)
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.