HMS-senteret

HMS-senteret gir støtte til arbeidsgivar, arbeidsmiljøutvala, verneomboda, miljøkoordinatorane og arbeidstakarane i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar og miljøvennleg drift av sjukehuset.

HMS-senteret er bedriftshelseteneste Haukeland universitetssjukehus og er ein fagkyndig og rådgivande teneste innan førebyggande helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. HMS-senteret er godkjent som bedriftshelseteneste jamfør «Forskrift om godkjent bedriftshelsetjeneste mv».
Les meir om HMS-senteret

HMS-senteret

Vi gir støtte til arbeidsgivar, arbeidsmiljøutvala, verneomboda, miljøkoordinatorane og arbeidstakarane i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar og miljøvennleg drift av sjukehuset.
HMS-senteret er bedriftshelseteneste Haukeland universitetssjukehus og er ein fagkyndig og rådgivande teneste innan førebyggande helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. HMS-senteret er godkjent som bedriftshelseteneste jamfør «Forskrift om godkjent bedriftshelsetjeneste mv».

HMS-senteret gir støtte til leiarar i sjukehuset til:

  • planlegging og gjennomføring av endringar i arbeid og arbeidsmiljø 
  • utarbeiding av retningslinjer for arbeidsprosesser 
  • kartlegging og risikovurdering av arbeidsmiljøet 
  • forslag til tiltak som kan førebygge helseskadar 
  • overvake og følgje opp arbeidstakarane si arbeidshelse 
  • behov for tilrettelegging av arbeidet og deltaking i dialogmøte med sjukemeldte arbeidstakarar 
  • informasjon og opplæring innan helse, miljø og sikkerheit (HMS) 

HMS-senteret leier arbeid med å sikre miljøvennleg drift av sjukehuset.
HMS-senteret er ein seksjon i Personal- og organisasjonsavdelinga. 
Seksjonsleiar er Anne Randi Skirbekk.

Kontakt

Oppmøtestad
3. etasje i Jørgen Sandsbergs hus på Haukeland. 
Telefon
55 97 38 50
E-post

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Ytre miljøhttps://helse-bergen.no/avdelinger/personal-og-organisasjonsavdelinga/hms-senteret/ytre-miljoYtre miljø