Trainee-sjukepleiarar byttar arbeidsdag

På konferansesenteret Bikuben på Haukeland sit ein gjeng med sjukepleiarar frå Haukeland og Bergen kommune og lærer meir av kvarandre. For no samarbeider dei to institusjonane om utdanninga av traineesjukepleiarar.

trainee-sjukepleiarar. 3 jenter rundt bord. foto
Linn Sælemyr arbeider i heimesjukepleien og Helene Lie og Marte Rakner arbeider på sjukeheim i kommunen. Dei synes den nye utvekslingsordninga med Haukeland for traineesjukepleiarar er eit godt tiltak.

Helse Bergen har hatt traineeordning for nyutdanna sjukepleiarar sidan april 2012. Hovedmålsettinga med å etablere traineeordninga var å kunne tilby nyutdanna sjukepleiarar full fast stilling. Det var og eit mål å sikre at nyutdanna sjukepleiarar utvikla både organisatorisk kompetanse og sjukepleiarfaglig breddekompetanse.

Ser dette spennende ut? Søk stilling som traineesjukepleiar (Søknadsfrist 11. januar 2018)

Denne dagen på Bikuben lærar sjukepleiarane frå kommunen og Haukeland meir om arbeidsdagane til kvarande. Etter kvart skal dei no bytte arbeidskvardag: sjukehus-sjukepleiarane skal få prøve seg hjå kommunen og omvendt: – Nyttig, synes dei som er med:

- Det er spennande å vere med på. Vi får prøve oss på noko nytt og annleis åtte månader i slengen. Den store fordelen er jo at vi får innsyn i begge delar av helsetenesta, både i kommunen og i spesielisthelsetenesta, noko som vil gjere oss betre på samhandling. I tillegg vil eg jo tru at vi kan bli ressursar på samhandling på avdelinga når vi kjem tilbake til sjukehuset. Vi kan jo vere litt "sjukehusretta", ja litt forutinntatte av og til, sier Maria Platou (24) som arbeider på Haukeland.

Bergen kommune starta opp med ein liknande trainee-ordning i 2013, og til no har 15 sjukepleiarar deltatt i traineeprogrammet. 

Linn Sælemyr arbeider i heimesjukepleien og Helene Lie og Marte Rakner arbeider på sjukeheim i kommunen. Dei synes og den nye utvekslingsordninga for traineesjukepleiarar er eit godt tiltak.

- Dette er veldig postitvt og lærerikt. Vi kan alle bli betre på samhandling. For oss som kjem frå kommunen er det flott å lære meir om prosedyrer, rutiner og korleis ein jobbar på eit sjukehus. I tillegg blir vi meir spesialiserte, som jo er bra.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.