LIS1- stillingar for legar (tidligare turnus)

Kvart halvår tilset vi 22 legar i LIS1- stillingar ved Haukeland universitetssjukehus. LIS1-tenesta består av totalt 18 månader, med 12 månader i sjukehus og 6 månader i kommunehelsetenesta. Oppstartsdatoar er 1. mars og 1. september.

Dei tre første arbeidsdagane frå oppstartsdato er sette av til felles introduksjonskurs der ein blant anna får undervisning i DIPS, rusmedisin, kodesetting, smittevern og talegjenkjenning. 

​16 LIS1 legar får tildelt 3-delt teneste med

4 månader kirurgi
4 månader indremedisin
4 månader psykiatri

6 LIS1 lega​r får tildelt 2-delt teneste med 

4 månader kirurgi og 2 x 4 månader indremedisin eller
4 månader indremedisin og 2 x 4 månader kirurgi
Kontaktperson:
Linda Røthe Ystanes
Seksjonsleiar
Telefon 922 92 668/ 55 97 69 00


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.