Legar i spesialisering del 1 (LIS1)

Kvart halvår tilset Helse Bergen 27 legar i LIS1- stillingar ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus. LIS1-tenesta består av totalt 18 månadar, med 12 månadar i sjukehus og 6 månadar i kommunehelsetenesta.

lis 1 2017/18

Det er oppstart for nye LIS1-legar i februar/mars og august/september.

Korleis og når lyser vi ut stillingane?

Stillingane vert lyst ut på Helsedirektoratet sine sider.

Sjå alle stillingar

Kven har ansvar for tilsettingane?

Bemanningssenteret gjennomfører rekrutteringsprosessen saman med legar frå sjukehuset og legar frå kommunehelsetenesta.

Vi har dei siste åra hatt mellom 470-590 søkjarar til kvart opptak. Alle søknadane vert lest og vurdert og mellom 65-80 søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervjua byrjar rett etter at søknadsfristen er gått ut og går føre seg anten ved at søkjarane møter opp eller ved skype-/telefonintervju. Vi følgjer Helsedirektoratet sine fristar ved tilbod om stilling.

Kva teneste tilbyr vi?

Vi tilbyr både todelt teneste (med hovudvekt på medisin eller kirurgi) og tredelt teneste (inkludert psykiatri). Arbeidsavtalen til LIS1 er utforma etter gjeldande avtalar mellom Legeforeningen og arbeidsgiverforeninga Spekter.

Kvifor bør du søkje LIS1 i Helse Bergen?

Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus er eit av dei største sjukehusa i Noreg. Vi har 12.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Sjukehuset har både lokale, regionale og nasjonale oppgåver. Vi legg til rette for gode læringsaktivitetar, og tilbyr fagleg og personleg utvikling. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Spesialistutdanninga for LIS1 i Helse Bergen dekkjer både dei kliniske læringsmåla [HN1] (medisin, kirurgi og psykiatri) og felleskompetansemoduler [HN2].

Sjå anbefalingar frå tidlegare LIS1-legar

Kva krev vi av deg?

Vi forventar at du:

  • møter pasientane med respekt, og at arbeidet ditt er av god kvalitet
  • gjer ditt beste for å bli ein god lege
  • ønskjer å utvikle deg fagleg
  • samarbeider godt med alle tilsette til beste for pasienten

Kva tilbyr vi?

Vi ønskjer at du skal få ei god oppleving som LIS1 hos oss og at du skal oppnå dei planlagde læringsmåla for ditt utdanningsløp i spesialisthelsetenesta.

For å sikre fagleg progresjon får du tildelt rettleiar som bidrar til at du utviklar deg til ein dugandes og likandes lege. Det er ein lege i FOU eininga som har det faglege ansvaret for alle LIS1.

Introduksjonsdagar (med innlagd program)

Vi startar med felles opplæringsdagar i Bergen og på Voss før introduksjon og opplæring på avdelingane. Gjennom året vert det fleire gruppemøte for LIS1-kandidatane.

Arbeidsoppgåver

LIS1-tenesta går føre seg i hovudsak i Akuttmottak og på dei kliniske avdelingane. I akuttmottaket vil LIS1 ta i mot pasientar, vurdere initial diagnostikk og vidare behandling ved rett avdeling. Dette vert gjort under rettleiing av ein lege i spesialisering. I avdelinga deltar LIS1-legen i den daglege drifta med innkomst av elektive pasientar, legevisitt og utskrivingar av pasientar.

Tilsetting

LIS1 legane ved Haukeland universitetssjukehus er tilsett ved Bemanningssenteret og personalansvaret ligg her, medan det faglege ansvaret er på avdelinga der du har teneste. Ved Voss sjukehus har avdelingsoverlegen ved medisinsk avdeling personalansvar for LIS1.

Bustad

LIS1 som treng bustad medan dei har teneste tar kontakte med Bustadkontoret ved Haukeland universitetssjukehus.

Bedriftsidrettslag

Haukeland universitetssjukehus har eit rikhaldig bedriftsidrettslag som er ope for alle tilsette

Kontakt:

Linda Røthe Ystanes
Seksjonsleiar
Telefon 922 92 668/ 55 97 69 00

Britt Velsvik
Avdelingssjef
Telefon 970 40 166/ 55 97 69 00

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.