Ytre miljø er ein del av Arbeidsmiljø og personalrådgiving. Vi driv blant anna med systematisk HMS-arbeid for å sikre at drifta ikkje forårsakar negative skadeverknader på arbeidstakarane, pasientar og pårørande, naturen, utstyr og bygningar.
Helse Bergen er miljøsertifisert etter den internasjonale ISO 14001-standarden. Gjennom miljøstyringssystemet blir miljøfokuset ein integrert del av drifta og stiller krav til kontinuerleg forbetring.
Miljømål
Helse Bergen har satt seg fire overordna miljømål. Måla er baserte på miljøpolitikken og kartlegginga av miljøaspekta i Helse Bergen.
Miljømåla
- Ha miljøbevisste medarbeidarar
- Redusere utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn
- Redusere miljø- og klimapåvirkning frå anskaffelsar
- Redusere forbruk av naturressursar
Miljømål i alle ledd
Helse Bergen tenker heilhetlig og har overordna miljømål som dei dei ulike avdelingane støtter opp om gjennom sine miljømål.
Miljøpolitikk
Miljøleiing er ein del av HMS-systemet og ein integrert del av kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeidet. Vi skal kontinuerleg arbeide for miljø- og klimaforbetringar av sjukehusdrifta ved å:
- arbeide aktivt innanfor dei områda som gir størst miljøgevinstar
- informere og mobilisere medarbeidarar og samarbeidspartnarar til miljøansvarleg åtferd
- sette strengare miljøkrav enn styresmaktene har sett som minimumskrav der det er teknisk og økonomisk mogleg, og følgje opp samsvarskrava frå interessepartane
- ta i bruk tekniske og organisatoriske løysingar som er positive for det ytre miljøet
- sette miljømål og lage handlingsprogram som støttar opp om miljøpolitikken til organisasjonen
(Vedteke oktober 2020)
Miljørapportar
Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2020 (PDF)