Bedriftshelsetenesta - BHT

Bedriftshelsetenesta (BHT) bistår Helse Bergen i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar.

Les meir om Bedriftshelsetenesta - BHT

Bedriftshelsetenesta - BHT

Bedriftshelsetenesta har ein fri og uavhengig rolle i arbeidsmiljøspørsmål, og har taushetsplikt i forhold til opplysningar vedrørande dei ansatte si helse.


BHT er ei fagkyndig og rådgjevande teneste innan forebyggande helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Vi er godkjent som bedriftshelseteneste ihht "Forskrift om godkjent bedriftshelsetjeneste mv".


Bedriftshelsetenesta bistår arbeidsgjevar – Helse Bergen med:


  • planlegging og gjennomføring av endringar i arbeid og arbeidsmiljø
  • å skape et godt organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø
  • kartlegging og risikovurdering av arbeidsmiljøet
  • forslag til tiltak som kan forebygge helseskadar
  • å overvake og følge opp arbeidstakaranes arbeidshelse
  • å forebygge og følge opp arbeidstakarar i forhold til smitte for biologiske faktorer
  • ved behov for tilrettelegging av arbeidet og deltaking i dialogmøter med sjukemelde arbeidstakarar 
  • oppfølging og tilrettelegging av gravide arbeidstakarar
  • informasjon og opplæring innan helse, miljø og tryggleik (HMS)
  • AMU og FAMU

Bedriftshelsetenesta sine arbeidsoppgaver inkluderer:

  • Ergonomi
  • Forflytning
  • Oppfølging av gravide
  • Støy
  • Inneklima
  • Kjemikalier
  • Håndtering av antibiotika
  • Forebyggende smittevern
  • Smitteoppsporing MRSA og Tuberkulose
  • Stikkskade
  • Yrkesvaksinasjon
  • Nattarbeid og helse
  • Turnusarbeid
  • Ansatte og rus

Fagpersoner på BHT er bedriftslege, sjukepleiarar, jordmor, fysioterapeuter, yrkeshygienikarar. 

Bedriftshelsetenesta er organisert under
Personal- og organisasjonsavdelinga, Arbeidsmiljø og personalrådgivning. 

Seksjonsleiar er Anne Randi Skirbekk

Dagleg leiar for for bedriftshelsetenesta er bedriftslege Trude Duelien Skorge. 

Kontakt

Telefon
55973850 ( 55976600 )
E-post
Postadresse
Bedriftshelsetjenesten, Jørgen Sandbergs hus,
postboks 1440, 5021 Bergen


Jørgen Sandbergs hus
Besøksadresse
Jonas Lies vei 73 (Rødt hus i sykehusparken)(Google maps)
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.