Bendysmeli - ortopedisk rehabilitering

Alle barn og voksne med bendysmeli kan komme til oss for vurdering, informasjonssamtale og igangsetting av eventuelle tiltak.

Dysmeliteamet gir informasjon om diagnose og om muligheter og begrensninger i forhold til å klare dagliglivet når man har dysmeli.

​​

Tilbudet

Til brukere med bendysmeli har vi tilbud om opphold
for tverrfaglig vurdering av funksjon, og veiledning og opptrening i forhold til bruk av protese. I dette arbeidet samarbeider vi nært med ortopediingeniør som kommer til avdelingen.

 

Dysmelitreff

En gang i året arrangerer vi treff for dysmelibarn og foreldre.


Individuell oppfølging

Vi samarbeider med kontaktpersoner i kommunehelsetjenesten og de andre dysmeliteamene i Norge, etter brukers behov og ønske.

Det kan vere manglar ved ein eller begge armar og/ eller eitt eller begge bein. Når skjelettet er mangelfullt utvikla, kan dette også gjelde musklar, sener, blodårer og nervetrådar.

Dei delane av arm/ bein som det gjeld har ofte avvikande form og storleik.


Det er i hovudsak to hovudtypar dysmeli

  • ​​​Transversell dysmeli: alt nedanfor eit visst nivå på armen eller beinet manglar.
  • Longitudinell dysmeli: ein eller fleire knoklar i arm eller bein manglar helt eller delvis. Andre knoklar lengre borte frå kroppen kan heilt eller delvis vere tilstades.
I dei fleste tilfelle er årsaka ukjend. Dysmeli i seg sjølv vil ikkje påverke levealderen. 


Behandling

I Helse Bergen består dysmeliteamet av fagfolk frå Haukeland universitetssjukehus, Ortopedisk klinikk, Ortopedisk Rehabilitering og Ergoterapiavdelinga, samt frå ortopeditekniske firma. 

Teamsamansetjing: ortopedar, ergoterapeutar og ortopediingeniørar. Dysmeliteamet er med i ei nordisk samanslutning av fagfolk som arbeider med dysmeli. 


Kva kan vi gjere? 

Alle barn og vaksne med dysmeli kan komme til oss for vurdering, informasjonssamtale og igangsetting av eventuelle tiltak: 


Informasjon 

Dysmeliteamet gir informasjon om diagnose og om mulegheiter og avgrensingar i forhold til å klare dagliglivet når ein har dysmeli. 


Protesar eller andre hjelpemiddel? 

Saman med dykk vil vi vurdere om det er hensiktsmessig å tilpasse protesar eller andre hjelpemiddel som gjer det enklare å  klare viktige/ ønska aktivitetar. Det blir gitt opplæring og trening i bruk av protesar.  


Individuell oppfølging 

Alle personar blir følgd opp i forhold til eigne behov. Type oppfølging blir avtalt med den enkelte eller pårørande.  


Oppfølging i barnehage og skole 

Ergoterapeut reiser ut til barnehagar i kommunane for å rettleie personalet der dei har barn med armdysmeli / barn med armprotese. Rettleiing blir også gitt i samband med skulestart, saman med opplæring og oppfølging av protesefunksjon.  


Oppfølging foreldre 

Foreldre har mulegheit for å ringe oss dersom det er noko dei ønskjer å diskutere med ein frå teamet. 


Oppfølging vaksne 

Rettleiing i forhold til tilrettelegging av arbeidsforhold i heim, skule og arbeidssituasjon. Protesetrening ved behov.  


Dysmelitreff 

Ein gong i året blir det arrangert treff for dysmelibarn og foreldre.  


Møte andre med dysmeli? 

Vi formidlar kontakt med andre familiar/ personar med dysmeli for gjensidig utveksling av erfaringar med meir. 
Vi formidlar også kontakt med Dysmeliforeininga og TRS (kompetansesenter for små diagnosegrupper) 

Du kan kontakte oss på telefon  55 97 70 40 


Tilvisning 

Barn (og vaksne) kan tilvisast til Dysmeliteamet i Helse Bergen av lege/fastlege. 
Tilvisingsskjema til spesialisthelsetenesta nyttast, og sendast til: 
Haukeland universitetssjukehus/ Ortopedisk klinikk/ Avdeling for ortopedisk rehabilitering 
Dysmeliteamet v/ dr. Sigrun Solberg, 5021 Bergen​​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.