Ortopedisk rehabilitering

Ortopedisk rehabilitering har tilbod til pasientar med medfødt manglande arm eller fot (dysmeli), og pasientar som har fått amputert arm eller fot.

Les meir om Ortopedisk rehabilitering

Ortopedisk rehabilitering

Ortopedisk rehabilitering tilbyr vurderingsopphald og treningsopphald, samt poliklinikk for armamputerte, armdysmeli og handdysmeli. Vi legg vekt på deltaking frå pasienten sjølv i utarbeiding av eigne mål og planar for opptreninga. 

Vi arbeider i tverrfagleg team som er sett saman av ortoped, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom og merkantile. Ortopediingeniørar er faste samarbeidspartnarar. Vi har 8 sengeplassar for dei som under opphaldet treng hjelp og rettleiing gjennom døgnet, og inntil 8 plassar i Haukeland hotell.

Kontakt

Oppmøtestad
3. etasje i Augebygget
Telefon
55 97 70 40 , Telefaks 55 97 70 50

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Våre behandlingar

  • Arm- og håndamputasjon

    Armamputerte håndamputerte kan komme til Ortopedisk rehabilitering for vurdering, samtale og igangsetting av eventuelle tiltak.

  • Arm- og hånddysmeli

    Armamputerte håndamputerte kan komme til Ortopedisk rehabilitering for vurdering, samtale og igangsetting av eventuelle tiltak.

  • Benamputasjon

    Benamputerte i alle aldere og med ulikt funksjonsnivå kan søke seg til Ortopedisk rehabilitering.

  • Bendysmeli - ortopedisk rehabilitering

    Alle barn og voksne med bendysmeli kan komme til oss for vurdering, informasjonssamtale og igangsetting av eventuelle tiltak.