Nasjonalt kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd

Leddregisteret driv løpande innsamling av data frå heile Noreg om leddprotesar, hoftebrot og korsbandsskadar.

Les meir om Nasjonalt kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd

Nasjonalt kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd

I 2002 ble Nasjonalt Register for Leddproteser utnemnt til Nasjonalt kompetansesenter av Helse- og Omsorgsdepartementet (HOD). Etter at Nasjonalt Hoftebruddregister vart starta i 2005, endra HOD i 2010 namnet til Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd.  

Denne nasjonale tenesta skal byggje opp og formidle kompetanse på leddprotesar og hoftebrot for å auke kvaliteten og kostnadseffektiviteten av behandlinga. 

Kompetansetenesta driv dei nasjonale registra for leddprotesar og hoftebrot.  Målsettinga med registra er å oppdage dårlege protesar, sement og operasjonsteknikkar så tidleg som mogeleg, samt å gje kunnskap om epidemiologi. Fagmiljøet i Kompetansetenesta driv også Nasjonalt Korsbåndregister og Nasjonalt Barnehofteregister.

Kompetansetenesta har eigne nettsider

Kontakt

Telefonnummer
55973742 / 43
E-postadresse
nrl@helse-bergen.no

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Tilgang til gjestenettet på sjukehuset:

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".
  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer etc.) og du får opp ei påloggingsside.

For ny brukar:

  • Du må registrere deg. Velg derfor «registrer deg».
  • Les gjennom vilkåra og godkjenn.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og opprett konto.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med ditt brukernamn og passord.

Tilgangen du får til internett varer i 24 dagar. Etter det må du be om nytt brukarnamn og passord.  

For eksisterande brukar (siste 24 dagar):

  • Sjå tekstmelding du har fått med brukernavn og passord
  • Skriv inn brukernavn og passord og trykk send inn.

Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell.​