Nasjonalt Register for Leddproteser

Nasjonalt Register for Leddproteser starta med å registrere innsetting og reoperasjonar av hofteleddsprotesar i 1987. Registreringa vart utvida til å omfatte alle typar leddprotesar i 1994, og vart godkjent som Nasjonalt medisinsk kvalitetsregister av Helse- og omsorgsdepartementet i 2009. 

Fagleg eigar av registeret er Norsk Ortopedisk Forening, medan drifta er lagt til Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.
​I starten av 1980-åra vart det påvist store skilnader i resultata for dei protesetypane som var i bruk. Enkelte mindre gode protesar hadde dessverre vore brukt til mange pasientar før det let seg gjere å påvise dei dårlege resultata. For å hindre liknande problem i framtida, gjekk alle norske ortopediske kirurgar i 1987 saman om å lage eit landsomfattande proteseregister.  Registeret vert også nytta til å undersøke førekomst og årsak, samt førebyggjing av sjukdom og skade som fører til proteseoperasjon.

 
I Norge vert årleg ca.13.000 pasientar operert med leddprotesar. Framleis vert mange ulike  protesetypar og operasjonsteknikkar nytta, og registeret samlar derfor inn data om operasjonane til pasientar som får sett inn kunstige ledd i Norge. Hensikta med registeret er å fremje og gje grunnlag for forsking på resultat av ulike protesetypar og behandlingsmetodar. Det overordna målet er å kvalitetssikre og forbetre behandlingsmetodane og tilbodet til pasientane.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.