Nasjonalt Korsbåndregister

Nasjonalt Korsbåndregister vart oppretta i 2004 for å betre behandlinga av pasientar med korsbandskader, og vart godkjent som Nasjonalt medisinsk kvalitetsregister av Helse- og omsorgsdepartementet i 2009. Faglig eigar av registeret er Norsk Ortopedisk Forening, medan drifta er lagt til Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.

​Skade av fremre korsband er den hyppigaste alvorlege kneskaden på verdsbasis. I Norge vert anslagsvis 4000 korsband skada årleg. På kort sikt fører korsbandskaden ofte til nedsett funksjon og aktivitetsnivå, og på lang sikt ofte til slitasjegikt (artrose) i kneleddet. Det er store variasjonar i korleis korsbandskader vert  behandla, og det vert brukt mange ulike implantat og teknikkar. Registeret  vert også brukt til å undersøke førekomst, årsak og førebyggjing av sjukdom og skade som fører til korsbandskader.

 
Registeret samlar inn data om pasientar med korsbandskader som vert behandla kirurgisk i Norge. Hensikta med registeret er å fremje og gje grunnlag for forsking på resultat av ulike behandlingsmetodar, prosedyrar og tiltak i forhold til pasient. Det overordna målet er å kvalitetssikre og forbetre behandlingsmetodane og tilbodet til pasientar med korsbandskader.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.