Nasjonalt Hoftebruddregister

Nasjonalt Hoftebruddregister vart oppretta av Norsk Ortopedisk forening 1.1.2005 for å betre behandlinga av pasientar med hoftebrot, og vart godkjent som Nasjonalt medisinsk kvalitetsregister av Helse- og omsorgsdepartementet i 2009. 

​Registeret er ein del av Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd. Faglig eigar av registeret er Norsk Ortopedisk Forening, mens drifta er lagt til Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.

​Hoftebrot er hyppige og rammer ofte eldre menneske som er beinskjøre. Behandlinga av hoftebrot er utfordrande og ressurskrevjande. Fleire av dei vanlegaste operasjonsmetodane for hoftebrot har mange og til dels alvorlege komplikasjonar.

 
Hoftebruddregisteret samlar inn data om pasientar som er operert for hoftebrot i Norge. 
Hensikta med registeret er å fremje og gje grunnlag for forsking på resultat av ulike behandlingsmetodar, prosedyrar og tiltak i forhold til pasient. Det overordna målet er å utvikle ny kunnskap som kan bidra til å førebyggje sjukdom og skade som fører til hoftebrot, og kvalitetssikre og forbetre behandlingsmetodane og tilbodet til pasientane.