Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd

Leddregisteret driv løpande innsamling av data frå heile Noreg om leddprotesar, hoftebrot og korsbandsskadar.

Les meir om Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd

Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd

I 2002 ble Nasjonalt Register for Leddproteser utnemnt til Nasjonalt kompetansesenter av Helse- og Omsorgsdepartementet (HOD). Etter at Nasjonalt Hoftebruddregister vart starta i 2005, endra HOD i 2010 namnet til Nasjonal kompetansetjeneste for leddproteser og hoftebrudd.  

Denne nasjonale tenesta skal byggje opp og formidle kompetanse på leddprotesar og hoftebrot for å auke kvaliteten og kostnadseffektiviteten av behandlinga. 

Kompetansetenesta driv dei nasjonale registra for leddprotesar og hoftebrot.  Målsettinga med registra er å oppdage dårlege protesar, sement og operasjonsteknikkar så tidleg som mogeleg, samt å gje kunnskap om epidemiologi. Fagmiljøet i Kompetansetenesta driv også Nasjonalt Korsbåndregister og Nasjonalt Barnehofteregister.

Kompetansetenesta har eigne nettsider

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

registre

  • Nasjonalt Barnehofteregister

    Nasjonalt Barnehofteregister er oppretta for å auke kunnskapen og betre behandlinga av barnehoftesjukdommane hofteleddsdysplasi, Calvè-Legg-Perthes og epifysiolysis capitis femoris.

  • Nasjonalt Hoftebruddregister

    Nasjonalt Hoftebruddregister vart oppretta av Norsk Ortopedisk forening 1.1.2005 for å betre behandlinga av pasientar med hoftebrot, og vart godkjent som Nasjonalt medisinsk kvalitetsregister av Helse- og omsorgsdepartementet i 2009. 

  • Nasjonalt Korsbåndregister

    Nasjonalt Korsbåndregister vart oppretta i 2004 for å betre behandlinga av pasientar med korsbandskader, og vart godkjent som Nasjonalt medisinsk kvalitetsregister av Helse- og omsorgsdepartementet i 2009. Faglig eigar av registeret er Nors...

  • Nasjonalt Register for Leddproteser

    Nasjonalt Register for Leddproteser starta med å registrere innsetting og reoperasjonar av hofteleddsprotesar i 1987.