Jobb på Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit spesialsjukehus for planlagt ortopedisk kirurgi i Os, tre mil sør for Bergen. Vi tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste med klinisk undersøking, behandling, pleie, mobilisering og vidare oppfølging. 

Kysthospitalet i Hagevik har ca. 200 tilsette fordelt på ulike avdelingar. 

Dei største pasientgruppene hos oss er pasientar med: 

  • Lidingar i hofte-, kne- og skulderledd som blir behandla med innsetting av protese og utskifting av protese.
  • Lidingar i rygg, som prolaps og trong ryggmergskanal, i tillegg til andre rygglidingar​​ som vi behandlar med implantat.
  • Lidingar i skulder, kne, ankel, olboge, hofte, fot eller hand som anten blir behandla med «kikholskirurgi», eller med open operasjon.
Pasientar som skal ha større inngrep blir innlagde, men det blir også utført ein del mindre inngrep som ikkje krev innlegging.

​Slik jobbar vi på sengepost

​Kysthospitalet har ein sengepost med plass til 33 pasientar i vekene og 22 pasientar i helg. 

På avdelinga arbeider  sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og merkantile. Vi har eit godt og stabilt arbeidsmiljø og dei som arbeider her er erfarne. Vi har eit tett samarbeid med legar, fysioterapeutar, radiografar og bioingeniørar. I løpet av året har vi også studentar, helsefagarbeidarar, og TAF-elevar i praksis.

Vi jobbar i tredelt turnus med arbeid også i helg. Vi har i dag årsturnus der vi har moglegheit til å komme med ønske til korleis arbeidsplanen vår skal sjå ut. 

Kysthospitalet i Hagevik held stengt i tre veker om sommaren.

Slik jobbar vi på operasjonsavdelinga

Vi er ein liten operasjonseining med fire operasjonsstuer. Vi har eit godt og stabilt arbeidsmiljø der alle kjenner alle. 

Vi på operasjon arbeider på dagtid.  Vi har sommarstengt, julestengt og fri alle høgtidsdagar. 

Arbeidsmiljøet på Kysthospitalet

Arbeidsoppgåvene er varierte og det er ein utfordrande og kjekk arbeidsplass. For fagleg oppdatering har vi høve til å delta på eksterne kurs, internundervisning, temadagar og kurs gjennom vår interne læringsportal.​

Vi treng deg som er ute etter nye utfordringar, som ønsker å jobbe med ei spennande pasientgruppe og som er opptatt av heilskapleg sjukepleie i flotte omgivnadar. ​

Søke jobb hos oss?