Kveldsvakter

Kveldsvakttenesta ved Haukeland universitetssjukehus blir dekka av 1.5 stilling som ledande fysioterapeut.

​Kveldsvaktpersonalet blir definert som turnuspersonale, og har ei gjennomsnittleg arbeidstid i full stilling på 35.5 time per veke. Fysioterapeutane som arbeider på kveld har varierande stillingsprosent, og derfor varierer antal fysioterapeutar. Til vanleg er der 4-6 fysioterapeutar i kveldsvakttenesta.

 

Opplæring 

Fysioterapeutar som skal delta i kveldsvakttenesta har ei opplæringsrunde før dei byrjer å arbeide. Dei må gjere seg kjende med alle avdelingane på sjukehuset. På enkelte avdelingar er der grundigare opplæring. Det gjeld Hjerteavd./ Postop.Thoraxseksjon, Barneklinikken, Brannskadeavsnittet, Lungeavd., Kirurgisk avd. og Intensiv /Medisinsk- og Postop. seksjon.

Deretter må dei gå følgevakt på kveldstid, 3 gonger. I tillegg er der ein del praktiske ting kveldsfysioterapeutane må gjere seg kjende med, litteratur dei må lese, hygieneretningslinjer dei må lære etc.

 

Vakter

Arbeidstida er frå kl. 16.30-21.30, og fysioterapeutane er tilgjengelege på calling frå kl. 16.30-21.00. Frå onsdag til og med fredag er der to fysioterapeutar på vakt. Laurdag, søndag og måndag er det ein fysioterapeut, det same gjeld for jula, påska og sommarferietida.

Personalet på dagtid avgjer kva pasientar som vert sette opp til kveldsbehandling. Måndag og tysdag er antal pasientar / behandlingseiningar 11, onsdag til og med fredag 18. Laurdag og søndag er antalet 9. 

Dersom det på kveld kjem ein calling angåande ein ny pasient, skal der vere tilvising frå lege i DIPS.

Arbeidsområdet er heile Haukeland universitetssjukehus.

 

Kriterier for behandling på kveldstid

Det er ulike kriterier for pasientar som får behandling på kveldstid.

Pasientar som primært får behandling er:

  • Pasientar som treng lungefysioterapi (LFT).
    Eksempelvis CF-pas., nokre hjerteopererte pas., nyleg extuberte pas. og andre på Intensivmedisinsk seksjon.

  • Pasientar med abdominale og thoracale snitt, brannskadepas., tracheotomerte pas. og born med RS- virus.

I høgtider, som strekk seg over fleire dagar, kan også treningspasientar setjast opp til behandling. Dette gjeld også respiratorpasientar og dialysepasientar som har vore i dialyse på dagtid.

Kveldsvaktene skal også kunne avlaste dag-fysioterapeutane, dersom der er mangel på personell p.g.a. sjukdom, kurs etc.

 

Møte

Kveldsvaktene deltek på obligatoriske møter ca. kvar 6.-8. veke. Kveldsvaktkontakta leier møta. Møta varer frå 1-2 timer. Her bli evtentulle problem teke opp, og aktuell informasjon blir utveksla.

Vaktturnus, som strekk seg over 6 veker, blir sett opp av kveldsvaktkontakta og diskutert på møtene.

I samband med møtene er der regelmessig undervising. Den blir tilrettelagt av kveldsvaktkontakta.

Kveldsvaktene må følgje kurs i lungefysioterapi som blir arrangert av Fysioterapiavdelinga, og gjennomgå opplæring i bruk av Cough- Assist og IMP2.​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.