Hjartetrening

Fysioterapiavdelinga har i ei årrekkke hatt tilbod om Hjarterehabilitering fase 2B. 

Dette er eit tilbod først og framst retta mot pasientar som har hatt hjarteinfarkt eller er hjarteopererte. Pasientane kan tidlegast starte her 4-6 veker etter infarkt eller 8 veker etter operasjon. For å kunne vere med på treninga må pasienten ha gjennomført ein arbeidsbelastningstest på ergometersykkel, og resultatet skal vera godkjend av legen som er ansvarleg for hjartetreninga.

Pasientane får tilbod om å delta på 24 treningar.
Treninga går føre seg 2 gonger i veka i treningssalen på Nevrologisk avdeling. Det er trening i gruppe til musikk. Hovedvekta av treninga er kondisjonstrening i intervall, i tillegg til noke styrke, smidigheit og koordinasjon. Treningsøkta vert avslutta med avspenning og informasjon.

Kvar økt varer 1 time, inkl. informasjon.

Kontaktperson: rune.olsen@helse-bergen.no

​