Fysioterapi ved regionale senger Post 1 for pasientar med traumatiske hovudskader (RETH)

Fysioterapi er ein viktig del av tverrfagleg rehabilitering etter alvorleg traumatisk hjerneskade.

Målet med fysioterapibehandlinga er å fremje motorisk funksjon, og førebyggje og behandle komplikasjonar som kort muskulatur, lungebetennelse, trykksår og djup venetrombose.

Fysioterapeutane arbeider med:

  • Å stimulere pasienten til å vere meir vaken gjennom sensorisk stimulering og mobilisering
  • Ivaretaking og behandling av ledd, muskellengde og muskeltonus for å gjere det mogeleg for pasienten å bevege seg
  • Mobilisering og trening for å fremje fysisk funksjon
  • Ivaretaking og behandling av lungefunksjon
  • Å leggje til rette for gode utgangsstillingar i aktivitet og kvile
 
Seksjonsleiar: Ingrid Thorsen 
55 91 84 54
ingrid.thorsen@helse-bergen.no​​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.