Fysioterapi ved Medisinsk-, Kreft- og Lungeavdelinga, med Seksjon for smertebehandling og palliasjon

Fysioterapi ved Medisinsk-, Kreft- og Lungeavdelinga, med Seksjon for smertebehandling og palliasjon

Seksjonsleiar: Theresa Johannessen 
55 97 29 28 / theresa.johannessen@helse-bergen.no


Arbeidsform

Ved eininga vert pasientar i alle aldersgrupper og med særs ulike funksjonsproblem behandla. Primært behandlar vi inneliggjande pasientar, men vi har også poliklinisk oppfølging.

Det vert utført både akutt behandling, rehabilitering og palliativ behandling. Behandlinga går føre seg på sengepostane og på treningsrom. Fysioterapeutane følgjer pasientar som høyrer til deira ansvarsområder medan dei er på Intensivavdelinga.

Vi møter pasientar med problemstillingar grunna kreft, lungesjukdommar, nevrologi, ortopedi, indremedisin og intensivmedisin, både på Kreftavdelinga, Lungeavdelinga, Medisinsk avdeling og Intensivavdelinga.

Pasientane får oppfølging i alle fasar av sjukdommen og behandlinga medan dei er inneliggjande på sjukhuset. Fysioterapien består av øvingar, trening, lungefysioterapi, informasjon og palliasjon. Målet med fysioterapien er å betre funksjon, gje smertelindring og å hjelpe pasienten til å bli sjølvstendig.

Fysioterapeutane vurderer sjølve grad av oppfølging i samarbeid med pasienten og anna fagpersonale.

Vi prøver ut og rekvirerer tekniske hjelpemiddel til pasientane.

Poliklinikk for vaksne med sjukeleg overvekt, Lungerehabiliteringa, Smerteklinikken og Palliativt team høyrer til seksjonen.

Undervisning på Lærings- og mestringssenteret, internt på HUS og eksternt, mellom anna på Høgskulen i Bergen (HIB), vert dekka av den fysioterapeuten som jobbar klinisk innan fagfeltet.

Vi underviser og rettleier personalet på postane, fysioterapistudentar, turnuskandidatar og hospitantar. Vi underviser også på kurs, konferansar og ved Fysioterapiutdanninga ved HIB.

Arbeidsområde

Medisinsk avdeling

Består av 7 sengepostar og ein dagpost.

Alle sengepostane, inkludert korttidsposten, tilvisar pasientar til fysioterapi.

Vi behandlar pasientar med indremedisinske sjukdommar som gastro- og nyreproblematikk, infeksjonar både i ledd og systemisk, blodkreft og generelle indremedisinske sjukdommar, både akutte og kroniske.
Avdelinga har ei intermediæreining som behandlar og overvakar mellom anna pasientar med sirkulasjonsforstyrringar og respirasjonsvanskar.
Pasientane blir følgt opp med lungefysioterapi, hjelp til å starte rørsle, trening og tilrettelagd aktivitet ut frå restriksjonar og tilpassa kvar enkel problemstilling. Tilpassing av hjelpemiddel og ortosar/ korsett er og ein del av arbeidet vårt.

Overvektpoliklinikken

Poliklinikken er knytta til Medisinsk avdeling.

Pasientane vert innkalla for å følgjast opp individuelt med testing av fysisk form og samtale med endring av livsstil og treningsprinsipp som tema.
Pasientane skal få hjelp til å auke motivasjon for fysisk aktivitet og endring av kosthaldsvanar, og til å læra teknikkar for meistring og sjølvhjelp.

Avdeling for kreftbehandling

Består av 2 sengepostar og ein dagpost.

Avdelinga har ansvar for dei fleste formar for avansert stråle- og medikamentell behandling av kreft på Vestlandet, og har også ei spesialeining for pasientar med sarkom. Sengepostane  tilviser pasientar til fysioterapi.Poliklinikken, Stråleterapien og Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilviser også pasientar til fysioterapi.

Vi behandlar pasientar som er operert i musklar, ledd og rygg, og pasientar med følgjetilstandar etter stråle- og cellegiftbehandling, med øvingar, trening, rehabilitering, tilpassing av korsett og ortosar, lymfødembehandling, palliasjon og lungefysioterapi.

Tiltak blir tilpassa individuelt etter problemstilling.

Lungeavdelinga

Består av 2 sengepostar og 1 dagpost.

Lungeavdelinga diagnostiserer, behandlar, rehabiliterer og førebygger sjukdommar i respirasjonsorgana. Avdelinga har to sengepostar som begge tilviser pasientar til fysioterapi.

Lunge 3 har ansvar for pasientar med lungekreft og lungeinfeksjonar, mellom anna tuberkulose, i tillegg til pasientar som har KOLS, respirasjonssvikt eller lungebetennelse. Lunge 1 har ei respiratorisk overvakingseining, som behandlar pasientar som treng pustehjelp med BIPAP, CPAP og heimerespirator, og hjelp til avvenjing frå respirator.

Vi behandlar pasientar med sjukdommar i respirasjonsorgana eller sjukdommar som påverkar respirasjonsorgana. Pasientane får tilpassa øvingar, trening og rehabilitering i tillegg til lungefysioterapi med bruk av slimmobiliserande teknikkar, avspenning og inhalasjonsteknikkar. Tiltak vert tilpassa individuelt etter problemstilling.

Lungerehabiliteringa

Rehabilitering av KOLS-pasientar i grupper utandørs og i sal. Treningsprinsipp eigna for pasientar med obstruksjon i luftvegane, dvs. lang oppvarming, uthaldstrening etter intervallprinsipp, styrketrening, rørsle, praktisk avspenning og tøying.

Pasientane blir testa individuelt før og etter rehabiliteringa.

Undervisning i pusteteknikk, treningslære, slimmobilisering, energiøkonomisering og vidare trening etter rehabiliteringa.

Poliklinikk

  • Pasientar med behov for lymfødembehandling
  • Gangtesting av lungepasientar
  • Oppfølging av pasientar med cystisk fibrose, bronkiektasi og nevromuskulære sjukdommar
  • Pasientar med langvarige smertetilstandar, individuelt og i gruppe
  • Treningsgruppe for pasientar med alvorleg kreftsjukdom

Faste aktivitetar knytt til akuttpostane

  • Nyrekurs på Lærings- og mestringssenteret (LMS)
  • Diabeteskurs på Lærings- og mestringssenteret
  • Kurs for myelomatosepasientar på Lærings- og Mestringssenteret
  • Kurs for hypotyreosepasientar på Lærings- og mestringssenteret
  • Undervisning / gruppebasert pasientopplæring for brystkreftopererte
  • Undervisning for nyopererte brystkreftpasientar
  • OSAS-kurs på LMS: meistringskurs for pasientar med søvnapnè og deira pårørande
  • Treningsgruppe for pasientar i palliativ fase, på LMS. Ein gong per veke
  • LTOT-kurs (langtids oksygenbehandling i heimen) på LMS

Samarbeid

Vi samarbeider med pasientar og pårørande, tverrfagleg og med kollegaer som er knytt til andre kliniske avdelingar. Vi samarbeider også med helsepersonell utanom sjukehuset og med utdanningsinstitusjonar.

Fleire fysioterapeutar ved seksjonen deltek i nettverk for ergo- og fysioterapeutar innan sine respektive fagfelt.

Seksjon for smertebehandling og palliasjon

Ved Smerteklinikken arbeidar anestesilegar, sjukepleiarar innan akutt smertebehandling, kreftsjukepleiarar, psykologar og kontorpersonale.
Palliativt team har også prest og sosionom.

Smerteklinikken vart grunnlagd i 1986, som den første tverrfaglege smerteklinikken i landet, organisert i Kirurgisk serviceklinikk, og under Anestesi- og intensivavdelinga.

Palliativt team vart oppretta i 2007 og etablert på Smerteklinikken.

Arbeidsområde

Vurdere og behandle pasientar med langvarige smertetilstandar som skuldast skade eller sjukdom i nervesystemet, eller smerter frå muskel-skjelettsystemet, lokaliserte eller utbreidde.

Delta i tverrfagleg kartlegging og aktiv behandling av pasientar i palliativ fase. Symptomlindring  og livskvalitet er sentralt. Fysioterapeut i palliativt team har som oppgåve å rettleie og støtte fysioterapeutar internt på HUS, gjere kartleggingar og vurderingar, og behandle pasientar med langtkomen sjukdom eller komplekse problemstillingar. Støtte fysioterapeutar i 1. linetenesta ved oppfølging og behandling av pasientar ved behov.

Kursverksemd og undervisning av helsepersonell, studentar og pasientar, er også ei av oppgåvene ved Smerteklinikken og Palliativt team.

Tilvising

Smerteklinikken

Pasientar med langvarige smerter blir tilvist av fastlege.

Palliativt team

Pasientar blir tilvist elektronisk av lege.

Fysioterapeutar ved sjukehuset kan også tilvise pasientar med langvarige smertetilstandar og pasientar i palliativ fase til enkeltvurdering hos fysioterapeut.

Arbeidsform

Smerteklinikken

Pasientar med langvarige smertetilstandar

Fleirtalet av pasientane kjem frå Helseregion Vest. Smerteklinikken arbeidar etter ein biopsykososial modell. Den største delen av pasientane blir vurdert tverrfagleg. Dette inneber vurdering hos lege, psykolog og fysioterapeut med felles oppsummering og tilbakemelding der pasient og pårørande deltek. I tilbakemeldinga blir vurderingane samanfatta, og det blir gjeve råd om tiltak. Fastlegen får deretter ein skriftleg rapport. 6-12 månader etter vurderinga vert pasienten følgd opp med kontroll.

Vurdering av pasientar med langvarige smertetilstandar

Det blir utført ei kartlegging av smertene, varigheit, tidlegare behandling hjå fysioterapeut, aktivitetsnivå og generell funksjon. Deretter blir  pasienten undersøkt med GFM-52 (Global Fysioterapeutisk Muskelundersøking), som inneheld 52 enkeltundersøkingar av kroppshaldning, fleksibilitet, aktive og passive rørsler, avspenningsevne og respirasjon, muskulatur og hud. Nokre pasientar vert følgd opp med tilvising til behandling hjå lokal fysioterapeut, gruppebehandling ved Smerteklinikken eller utprøving av TENS (transcutan elektrisk nervestimulering).

Gruppebehandling

Fysioterapeut og psykolog ved Smerteklinikken leiar meistringsgrupper for pasientar med langvarige smertetilstandar. Gruppene består av inntil 8 deltakarar, og går over 8 veker med samlingar på to timar. Pasientane er tilvist av fastlege, og er på førehand vurdert av anten fysioterapeut eller psykolog ved Smerteklinikken.

I gruppene blir det venta aktiv deltaking. Deltakarane lagar eigne målsetjingar, og det blir arbeidd med heimeoppgåver mellom samlingane. Gruppa består av ein samtaledel, ein øvingsdel og ein avspenningsdel, der deltakarane vert introduserte til ulike avspenningsteknikkar. I øvingane blir det lagt vekt på kroppsmedvit, rørsleevne og avspenning.

Palliativt team

Målsetjinga for det palliative teamet på Haukeland er at alle pasientar som har behov for lindrande behandling til ei kvar tid skal:

  • ha tilgang til den naudsynte kompetansen og behandlinga ut frå behov, uavhengig av kva avdeling dei ligg på 
  • få best mogeleg lindring av smerter og andre plager, der  både fysiske, psykiske, sosiale og åndelege/ eksistensielle behov blir teke vare på
  • skal oppleve dei ulike tenesteytarane i og utanfor sjukehuset som ei samanhengande kjede. Det er utarbeida retningsliner for fysioterapi til pasientar i palliativ fase.

Fysioterapeutar i Palliativt team har som oppgåve å rettleie og støtte fysioterapeutar internt på Haukeland, kartlegge, vurdere og behandle pasientar med langtkomen sjukdom eller komplekse problemstillingar, og støtte fysioterapeutar i 1. linetenesta som følgjer opp og behandlar pasientar.

Gruppebehandling

Fysioterapeut driv treningsgruppe for pasientar med alvorleg kreftsjukdom i samarbeid med fysioterapeut ved Smerteklinikken og Haraldsplass diakonale sjukehus.

Theresa Johannessen
Mai 2017