Fysioterapi ved Avdeling for plastikkirurgi og brannskadebehandling

Seksjonsleiar: Marit Hjellestad 
Spesialist i rehabilitering 
55 97 29 12
marit.hjellestad@helse-bergen.no

 
Seksjonen har 3 faste, heile stillingar for fysioterapeutar. Den eine er seksjonsleiar, dei to andre er fysioterapeutar.
Ettersom seksjonsleiar har 50 % stilling som ass. avdelingssjef (frå 2004), og det er stadig aukande etterspørsle etter fysioterapi til pasientar som har vorte handoperert, har seksjonen fått tilført ekstra ressursar. Vi er per i dag 6 fysioterapeutar fordelt på 
4, 40 stillingar. 

 

Arbeidsområde

​3 av fysioterapeutane er knytta til Brannskadeavsnittet (BSA) som har 8 senger, og 3 er knytta til Plastikkirurgisk avd. (tidlegare Kirurgisk klinikk post 4 (nytt, geografisk namn frå 04.04.05., tidlegare plastikkirurgisk sengepost som har 12 plastikkirurgiske senger (og 10 karkirurgiske, som fysioterapeut frå ein annan seksjon har ansvaret for). 
I helgene vert totalt sengetal på Kir.4 redusert til 15.

 
Kir.post 4 nyttar også pasienthotellet, Haukeland hotell, ved behov. (Obs. ingen øyremerka senger lenger, det må søkast for kvar gong det er behov).
 

 

Dei vanlegaste diagnosane er:

​På Plastikkirurgisk avdeling: 
Diverse handskader (kuttskader, f.eks bøyeseneskader, klemskader, brot m.m.), traume, kreft (f.eks malignt melanom, også i terminal fase, brystkreft i rekonstruktiv fase) og medfødde misdanningar som involverer hud og mjukdelar (Obs. alle barn vart våren -07 flytta til Barnekirurgisk avd.) Sår (f.eks trykksår) som krev kirurgisk behandling. I tillegg til pasientar med mindre alvorlege brannskader og brannskadesekveler.    
På BSA:
Store, alvorlege og spesielle brannskadar, toksisk epidermal nekrolyse (TEN) og nekrotiserande fasceitis (NF). (Obs. BSA behandlar også barn).
Ved ledig kapasitet: også intensivpasientar med andre diagnosar.

 

Poliklinisk verksemd

Fysioterapeutane på BSA (den eine har dette som fast oppgåve) er med ved tverrfaglege polikliniske kontrollar av brannskader (tirsdag, på Plastikkirurgisk poliklinikk), og fysioterapeutane på Plastikkirurgisk avdeling har polikliniske pasientar kvar dag, hovudsakleg pasientar med handskade, i nært samarbeid med ergoterapeutar.
 

​Arbeidsform

Fysioterapeutane driv med akuttbehandling, men tenkjer rehabilitering frå innkomstdag. Dei fleste pasientane er (ny-)opererte, og mange er alvorleg sjuke, som regel pga store traume. Dette må det sjølvsagt takast omsyn til i behandlinga av og i informasjonen til pasientane. Liggetida for kvar pasient varierer frå eit par dagar til fleire månader. Dei pasientane som er inneliggande lengst, er dei med  store brannskader.
 

 
Det vert så godt som alltid gjeven individuell behandling. Det meste av behandlinga føregår på sengepostane, men gangtrening vert gjort i korridor og trapper. Vi har tilgang på treningsal i 2. etg. i Sentralblokka, og behandlingsrom i 2. og 5.etg  vert og nytta. 

 
Preinstruksjon vert gjeven til pasientar som skal gjennomgå planlagde operasjonar, dvs rutinemessig til pasientar med brystkreft (før rekonstruksjon av bryst med DIEP-lapp). Desse pasientane blir preinstruerte dagen før operasjonen, i Kirurgisk mottak i 2. etg. Oppfølging av desse pasientane vert gjeven etter behov.

 
Det vert brukt mykje tid på informasjon, instruksjon, rettleiing og sjekking av at pasientane trener som tilrådd. Det er utarbeidd ei mengd skriftleg materiale. (Informasjon til pasientar, sjølvtreningsprogram og retningsliner for behandling). 

 
Heimebesøk vert så godt som aldri gjort. På grunn av at dei fleste pasientar med brannskader vært tilbakeførte til lokalsjukehus eller rehabiliteringsverksemd på heimstaden, er det ikkje aktuelt med tilpassing av tekniske hjelpemiddel på BSA. På Plastikkirurgisk avd. er det mest aktuelt med tilpassing av ganghjelpemiddel, som regel krykkjer.

 
Ortoser vert som regel laga av ergoterapeut. På BSA som regel av fysioterapeut. Fysioterapeutane tar mål til kompresjonsplagg mot arrhypertrofi.


Behandlingsmetodar

Viktige behandlingsprinsipp er tidleg mobilisering, aktive øvingar (pasienten sin eigen aktivitet vert vektlagd) og å få pasienten raskt sjølvhjelpen i ADL-funksjonar. Pasientane vert oppfordra til å trena fleire gonger dagleg, og eit par gonger saman med fysioterapeut.

 
Passiv tøying på brannskadde vert utført stort sett når pasienten er i narkose i samband med sårstell. Kontrakturprofylakse og førebygging av arrhypertrofi er eit grunnleggande element i behandlinga av brannskader. Arrbehandling er tidkrevjande, og strekkjer seg over år. Lungefysioterapi er ofte aktuelt i akuttfasen. 

 

Samarbeid

Dei næraste samarbeidspartnarane på avdelingane er sjukepleiarar, hjelpepleiarar (fins ikkje på BSA. Der er det kun sjukepleiarar, dei fleste vidareutdanna) legar (plastikkirurgar og anestesilegar), og ergoterapeutar. Sosionom, barnepsykiater og ortopediingeniør vert kontakta ved behov.
 

 
Utanfor sjukehuset vert det særleg samarbeidd  med fysioterapeutar og tverrfaglege team ved andre sjukehus og rehabiliteringssenter som Sunnaas og Nordås, ved tilbakeføring av pasient. (På grunn av landsfunksjonen har BSA kontaktpersonar ved dei fleste norske sjukehus).

 
Etter at det vart oppretta poliklinisk tilbod til handskader ved seksjonen, er det i mindre grad enn tidligare behov for samarbeid med primærhelsetenesta og fysikalske institutt for denne pasientgruppa.

 

Aktivitetar utover behandlingssituasjonen

Fysioterapeutane deltek på ei rekkje møter på avdelingane; morgonmøte, previsitt, tverrfaglege møter om enkeltpasientar og også videokonferansar om enkeltpasientar, m.m.

Fysioterapeutane ved BSA driv i utstrekt grad med undervisning og opplæring, internt og eksternt. For hospitantar, spesialelevar (sjukepleiarar), nytilsette, fysioterapistudentar og på ulike kurs.​

 
Det vert skriven rapport på alle pasientar før utskriving/overflytting, og i tillegg vert det notert tilnærma dagleg i elektronisk pasientjournal.