Fysioterapi ved Avdeling for Ortopedisk rehabilitering

Seksjonsleiar: Heid Nygard
tlf. 55 97 29 22/ 7043 / 
heid.nygard@helse-bergen.no

 

Plassering

Avd. for Ortopedisk rehabilitering ligg i 3. etg. i "Augebygget" ( vis á vis Kvinneklinikken).

 

Om avdelinga

Avdelinga er organisert i Ortopedisk klinikk og inneheld ein sengepost med 8 plassar for pasientar som treng hjelp og rettleiing av personalet heile døgnet. I tillegg er det 8 plassar ved Haukeland hotell for pasientar som nyttar tenestene ved avdelinga på dagtid. Personalet ved avdelinga er sett saman av ortoped, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og kontorpersonell. Ortopediingeniør er fast samarbeidspartnar.

 
Arbeidsområde
Avdelinga er ei eining for rehabilitering, med spesialkompetanse i forhold til vurdering, opptrening og protesetilpassing etter amputasjon.
Ortoped og ergoterapeut frå avdelinga deltek også i Dysmeliteamet som yter tenester til pasientar med dysmeli / armamputasjon.
Pasientane kjem til oss frå ulike sjukehusavdelingar eller vert søkt hit av eigen lege.
Vi tek imot pasientar i alle aldrar og med ulike funksjonsnivå.

 

Arbeidsform

Pasientar som kjem til avd. for Ortopedisk Rehabilitering får ei individuell vurdering av fysioterapeut, i tillegg til dei andre faggruppene ved avdelinga. Ut frå ei tverrfagleg vurdering får pasienten så eit individuelt tilpassa tilbod om behandling / trening / opplæring etter kva den enkelte treng, og ut frå retningsliner.

 

Målsetjing

For nokre pasientar vil det vere ei sentral målsetjing å bli sjølhjelpen i daglege gjeremål. 
I tillegg vil det for dei fleste pasientar vere aktuelt å få tilpassa protese og få vidare trening for å meistre forflytning og gange med protese.
For andre pasientar som alt i stor grad er sjølhjelpne, vil personalet saman med pasienten finne konkrete målsetjingar for å kunne verte ein aktiv protesebrukar med eit godt gangmønster, og for å førebyggje komplikasjonar som følgje av protesebruk.
Arbeidsmål på vegen kan vere å få mindre smerte, mindre hevelse i det amputerte beinet, få betre sirkulasjon, leddrørsle, styrke, balanse, stabilitet, verte meir uthaldande m.m.

 

Tiltak og samarbeidspartnarar

Tilbodet vil kunne omfatte individuell tilnærming, trening i gruppe, bassengtrening og eigentrening under rettleiing.
Dei vanlegaste tiltaksformene er øvingar, forflyttingstrening, gangtrening/korrigering av gangmønster, ADL-trening, bløtvevsteknikkar, rettleiing  i eigentrening og informasjon individuelt eller i gruppe.

 
Fysioterapeuten samarbeider tett med ortopediingeniør og deltek med informasjon og vurdering ved protesetilpassing/-justering. Ortopediingeniøren kjem til avdelinga 3 dager i veka eller oftare, og blir også kontakta ved spesialtilpassing av sko eller skinner.

 
Fysioterapeutane tilpassar / formidlar også tekniske hjelpemidlar, og deltek ved heimebesøk når tverrfagleg deltaking er ønskeleg, og då i nært samarbeid med ergoterapeutane.

 
For pasientar i sengeposten vil det vere naturleg at delar av treninga vert lagt til daglege aktivitetar som stell, av-/påkledning, forflytning o.l., og då i nært samarbeid med anna personell.

 
Fysioterapeutane deltek  i regelmessige team-møter der pasienten, event. pårørande og personalet saman planlegg rehabiliteringsopphaldet. Det vert lagt vekt på at den enkelte pasient får innsikt i eigen situasjon og kunnskap om kva  ein sjølv kan gjere under og etter opphaldet.

 
Fysioterapeutane gir informasjon/rettleiing til 1. linje tenesten i samarbeid kring den enkelte pasient.

 
Det vert gitt informasjon/rettleiing til personalet i avdelinga, og event. til pårørande, relatert til opptreninga av den enkelte pasient.

 
Fysioterapeutane samarbeider i tillegg med andre avdelingar ved Haukeland Universitetssjukehus, og då spesielt Kirurgisk avd. og Ortopedisk avd., med andre sjukehus i regionen, med opptreningsinstitusjonar og Hjelpemiddelsentralen.

 
Behandlinga/treninga går primært føre seg på eit av treningsromma, men også på pasientane sine rom, i gangen, trappa og ute.
Eigentrening vert sett som ein viktig del av rehabiliteringa, og treningslokala er tilgjengelege for eigentrening på ettermiddagar og i helgane.

 

Aktiviteter utover behandlingssituasjonen

Fysioterapeutane deltek ved internundervising v/Fysioterapiavdelinga og anna relevant undervising ved sjukehuset. Dei skal særleg halde seg oppdaterte på fysioterapi til pasientar med beinamputasjon. Vi gir rettleiing til fysioterapistudentar og fysioterapeut i turnusteneste, samt at vi har undervisning vedr. rehabilitering av beinamputerte ved fysioterapiutdanninga ved Høgskulen i Bergen.
I tillegg til fellesmøte internt ved fysioterapiavdelinga, deltek avd.leiande fysioterapeut også i samarbeidsmøte for avdelingsleiarar ved avd. for Ortopedisk Rehabilitering.​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.