Fysioterapi ved AFMR, spesialiserte senger post 1 og 2

Seksjonsleiar: Ingrid Thorsen 
55 91 84 54 / 55 97 50 00

Post 1: Slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade
Post 2: Nevrorehabilitering og traumatologi

Pasientar med nevrologisk sjukdom/skade er største brukergruppa vår.

Dei mest vanlege diagnosane er:
Hjerneslag, multippel sklerose, andre nevrologiske tilstandar og multitraume. 

Arbeidsforma er basert på tett tverrfagleg samarbeid, der dei ulike yrkesgruppene medverkar i forhold til pasienten sine individuelle behov.

Innanfor nevrologisk fysioterapi nyttar vi særleg Bobathkonseptet. Målsetjinga er at pasienten skal gjenvinne og/ eller relære så optimale og normale strategiar for rørsle som mogeleg, basert på optimal balanse. Gjenvinning av dynamisk balanse vert ansett som eit grunnleggjande mål for utviklinga av rørslekontroll i armar/ bein og i hode/ nakke, og for oeientering til omgjevnasene og dermed for betra funksjon.

Det er ca. 8 heile stillingar for fysioterapeutar knytta til postane, der den eine er turnuskandidat. I tillegg er det ei stilling for fysioterapiassistent.  ​
Fleire av fysioterapeutane ved Post 1 og 2 er kliniske spesialistar i rehabilitering med fordjuping i nevrologi. 
Ein fysioterapeut har teke doktorgrad og to har fullført mastergradsutdanning.

Fysioterapeutane rettleiar fysioterapistudentar på Bachelor- og Masternivå.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.