Ergoterapi ved ortopedisk rehabilitering

Avdeling for ortopedisk rehabilitering har spesialkompetanse i vurdering, opptrening og protesetilpassing etter amputasjon. Avdelinga tar imot både pasientar med medfødd manglande arm eller fot (dysmeli), og pasientar som har fått amputert arm eller fot. 

ansatt skrur på rullestolen til en pasient.foto
 
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Ergoterapeutane ved Avdeling for Ortopedisk rehabilitering har tilhaldssted i Augebygget.

Arbeidsområder

Hovudtilbodet blir gjeve til pasientar som er innlagt for vurdering, rehabilitering og protesetilpassing etter beinamputasjon. I tillegg er det poliklinisk tilbod til personar med medfødd manglande arm (dysmeli) og armamputerte.

Rehabiliteringsteam

Tilbodet frå ergoterapeut består av kartlegging og trening/rettleiing i daglege aktivitetar med og utan bruk av protese, med mål om å bli mest mogleg sjølvstendig. Pasienten får tilbod om trening i daglege aktivitetetar individuelt og i gruppe. 


Dysmeli og armproteseteam

Ergoterapeut deltek i poliklinisk armteam 1-2 dagar pr. månad i samarbeid med ortoped og ortopediingeniør. Tilbodet er for personar med dysmeli eller armamputasjon. Ved poliklinisk konsultasjon vert behov for protese, grepsforbetringshjelpemiddel og/eller trening vurdert. Målet med tilbodet er å gje pasienten moglegheit til å kunne utføra dei daglege aktivitetane ein ønsker innan heim, arbeid/skule og fritid.​​


Kontakt

Seksjonsleiar
Jorunn Ellingsen (55 97 50 09) ​