Digital sjukemelding

Rettleiing for tilsette ved sjukehuset

Frå 15. januar innfører alle helseføretaka i Helse Vest at alle sjukmelde medarbeidarar skal levere både sjukmelding og søknad om sjukepengar digitalt.

grafisk element for digital sjukemelding
 

NAV legg nå opp til at alle sjukmelde skal sende både sjukmeldinga (Tidligare kalla C-del) og søknaden om sjukepengar digitalt (Tidligare kalla D-del).

For å imøtekomme rutiner frå NAV, vil helseforetaka i Helse Vest frå 15. januar innføre at alle sjukmelde medarbeidarar skal levere både sjukmelding og søknad om sjukepengar digitalt.

Når sjukmeldinga blir digital, er det berre leveringsmåten som blir endra; i staden for å levere sjukmeldinga og søknad om sjukepengar på papir til arbeidsgjevar, blir den sendt elektronisk.

Noko av det positive med digitalisering er at ein slepp tid til postgang, og at både sjukmeld og arbeidsgjevar vil kunne finne att sjukmelding og søknad om sjukepengar på «Ditt NAV».

Les meir om digital sjukemelding (pdf)

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.