Lønn- og reknskaps­seksjonen

Lønns– og rekneskapsseksjonen består av ca. 45 tilsette og er ein del av Økonomi– og finansavdelinga i Helse Bergen. Dei viktigaste oppgåvene våre er rett lønn og rett rekneskap til rett tid! Seksjonen er ein spanande og aktiv arbeidsplass med eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi er ein seksjon i utvikling kor prosjektarbeid og nye IKT-løysningar er blitt ein del av vår kvardag.

Lønns – og rekneskapsseksjonen har tett samarbeid med dei andre helseføretaka i regionen og nyttar blant anna Agresso lønn og personal og rekneskapssystemet Oracle.

Seksjonen består av fire grupper: Lønnsgruppa, inntektsgruppa, kostnadsgruppa og kasse / bankgruppa.

Kontakt

Telefon
55 97 57 10
Lønn- og rekneskapssjef Stig-Arne Nilsen 909 16 590
måndag - torsdag kl. 09.00–11.00
fredag Stengt
E-post

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​