Epilepsisjukepleiar ved post 3

Ved Nevrologisk avdeling post 3 er det oppretta ei rådgjevarteneste for pasientar med epilepsi og deira pårørande. Det er tre spesialistutdanna epilepsisjukepleiarar som arbeider ved sengeposten.

​Epilepsisjukepleiarane arbeider med:


  • ​Oppfølging av pasientar som nyleg har fått diagnosen epilepsi og er innlagt på post 3.
  • Oppfølgingssamtale med ny diagnostiserte pasientar etter at dei er reist heim frå avdelinga.
  • Driv  intern og ekstern undervisning om epilepsi.
  • Svarer på tilvising og spørsmål om epilepsi frå pasientar og deira pårørande.
  • Svarar på tilvising frå helsepersonell.
 

Kontaktinformasjon

Kvar onsdag har sjukepleiarane kontordag kor dei svarar på spørsmål frå pasientar, pårørande og andre som har spørsmål knytt til diagnosen epilepsi. 

For å få snakka med en av sjukepleiarane kan du ringe:

​Telefon 
55 97 60 61

Telefontid: 
09.00- 10.30 og 12.30-14.30 kvar onsdag. 

Epost: 
De kan også kontakte dei på e-post: epilepsisykepleier@helse-bergen.no​.