Nevrologisk post 3

Utgreier og behandler pasientar med mistanke om epilepsi og pasienter med andre nevrologiske sjukdomar så som ischias/lumbago, ulike typer hovudepine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, ALS, forvirring, svimmelheit, borrelia, MS (multippel sklerose) og Myasteni.

Les meir om Nevrologisk post 3

Nevrologisk post 3

Sengeposten har 18 sengeplassar fordelt på einerom, tomannsrom og tremannsrom.
Posten utgreier og behandlar nevrologiske lidingar så som Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelsar i perifere og sentrale nervesystemet, ALS, forvirring, svimmelheit, borrelia, MS (multippel sklerose) og Myasteni.

Ein del av avdelinga går under namnet «Epilepsieninga» kor pasientar vert utgreidd og behandla for epilepsi. Klinisk har avdelinga høg ekspertise på alle desse områda, men også på dei fleste andre område innanfor spesialiteten nevrologi.

Dei fleste av pasientane, som kjem til oss, vert lagt inn med «øyeblikkeleg» hjelp, berre 2-3 innleggingar i veka er planlagde.

På sengeposten arbeider sjukepleiar, hjelpepleiar, sekretærar, pleieassistentar og legar. Vi har eit tett samarbeid med blant anna fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og sosionom.

Kvar onsdag har vi faste epilepsisjukepleiarar som arbeider ved posten. Er du pasient eller pårørande og har generelle spørsmål om epilepsi, kan du ta kontakt med dei. Kontaktinformasjon finn du gjennom å klikka deg inn på liken «epilepsisykepleier» lenger ned på sida.

Kontakt

Telefon
55 97 50 32
Vaktrom 55 97 50 30
Telefaks 55 97 51 64
måndag - fredag 08.00-15.00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Besøkstider

​​Besøkstida ved avdelinga er mellom kl. 17.00 og 20.00. Vi ynskjer at de avtalar besøk utan om vanleg besøkstid med personalet på avdelinga før de kjem.

Kreft- og forløpskoordinator ved Nevroklinikken

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Din forløpskoordinator
Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Kva du bør ta med deg til sjukehusopphaldet?

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men nokre ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vera til nytte.

Du får medisinane dine av oss på avdelinga. Men ta med dei faste medisinane du brukar då det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket. Bruk ikkje eigne medisinar utan å avtale dette med din ansvarlige sjukepleier.

Ta også med ei liste over alle medisinane du bruker, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.

Gode inne sko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannkost, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.

Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.

Litt pengar til kiosken, for eksempel aviser og vekeblad. Vi rår deg elles til å late pengar og verdisaker bli att heime.

På sjukehuset er det strenge krav til hygiene, som er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er difor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet.

Mattilbod ved Nevrologisk avdeling post 3

​Som pasient kan du få maten servert på rommet eller du kan sjølv gå i buffeen, som ligg midt i avdelinga å hente deg mat. Vi har også ei spisestove som du kan bruke lengst inn i avdelinga. I tillegg kan du kjøpa alt frå dagens middag til småretter, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finn du også fleire daglegvarebutikkar.

På avdeling blir det servert fire måltid kvar dag:
Frukost, kl. 08.00-09.00
Lunsj, kl. 12.00-13.00
Middag, kl. 16.00-17.00
Kveldsmat, kl. 19.30-20.30

Menyen varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om meny på dei einskilde vekedagane på avdelinga. Denne matserveringa gjeld pasientar som er innlagde. Pårørande og besøkande kan nytta kantine, kiosk eller kafeen i Sentralblokka. Er du foreldre til barn under 16 år, som er innlagt ved avdelinga, har ein av foreldra rett på mat frå avdelinga.

Spesielle matbehov
Om du som pasient ynskjer annan mat, tilbyr vi menyar til alle typar diettar og spesialkost. Nokre eksempel er allergitilpassa mat, vegetar og halal. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.

Mattilbod på pasienthotellet
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøken og matsal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Verdisaker ved Nevrologisk post 3

Verdisaker
Sjukehuset har ikkje forsikringsordningar som dekkjer tap av pasientane sine eigendelar. Vi rår deg difor til å la verdisakene ligge att heime.

Personalet på Nevrologisk avdeling post 3 har ikkje høve til å oppbevare verdisakene dine.

Trygg oppbevaring ved akutt innlegging
Verdisaker på meir enn kr. 10 000 blir levert til Hospitaldrift sikkerheit for oppbevaring i safe der. Verdisaker med innhald verdt kr. 10 000 eller lågare fylgjer deg til den avdelinga/posten som du skal vere på og du må sjølv passe på verdisakene dine.

Arrangement