Kontroll etter hjerneslag ved post 2

Ein del av pasientane som har blitt ramma av hjerneslag får tilbod om oppfølging ved post 2. Du vil då få eit innkallingsbrev tilsendt innan 6 månadar etter utskriving.

 
Undersøkinga kan ta 1-3 timer. På etterkontrollen får du snakka med sjukepleiar, lege og eventuelt tverrfaglege personer som fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped. 

Vi måler blodtrykk, puls og oksygenmetting i blodet. Vidare snakkar vi saman med pasienten om livskvalitet, fysisk og psykisk velvære, eventuelle smerter, medikament, arbeidsforhold, bu situasjon, eventuelle plager og behov for hjelp i daglege gjøremål. Nokre pasientar blir følgde opp med spesifikke undersøkinger som røntgen, ultralyd av halskar, blodprøver m.m.

Vi understrekar at vi tilbyr dette som en oppfølging av dei problema du ble innlagt for i Nevrologisk avdeling. Eventuelle andre helsemessige spørsmål må du difor ta opp med din fastlege.

​Dersom du ikkje kan møte

Dersom du ikkje kan møte til oppsett tid må du snarast melda frå. 
Avbestilling mindre enn 24 timer før timen vil bli belasta med eit gebyr på kr 640,- fastsett i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort. Du kan lese meir om hvordan du avbestiller/endrer time i høyre menyen.


Informasjon til deg som skal på etterkontroll​

Transport

Vi tilrår å bruke offentleg transport til og frå undersøking/behandling. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmidlar, må det godkjennast av behandlar at du eventuelt skal få drosje (samkøyring). For meir informasjon om pasientreiser, sjå www.pasientreiser.no eller ring 05515.

​Dersom du vel å bruke eigen bil og parkere på sjukehusområdet, ber vi deg om å rekne rikelig med tid då det kan vera vanskeleg å finna ledige parkeringsplassar.​

Ta med deg:

  • Oversikt over medisinar du bruker
  • Frikort om du har dette
  • Namn på fastlege
Eit godt råd er å skriva ned kva du ynskjer å fortelja eller spørje legen/sjukepleiaren om. Det kan ofte vera lett å gløyma ting du har tenkt på i forkant av avtalen.​

Oppmøtested

Ved oppmøte vender du deg på vaktrommet ved Nevrologisk avdeling post 2 i 1. etasje, Gamle hovedbygg. Her opp gir du namn og om du eventuelt har frikort.​

Betaling 

Pasientar må betala eigenandel, etter gjeldande takstar og reglar for utgreiing og behandling ved poliklinisk eining. Du kan betale med bankkort i ekspedisjonen, eller få med deg giro som kan betalast i sjukehusets informasjon i Sentralblokken, i eigen bank eller på internett.

SMS påminnelse

Vi gir deg ei påminning på SMS i forkant av timen, dersom vi har registrert mobiltelefonnummeret ditt.