Dagpasient eller permisjonspasient post 2

Vanlegvis kjem du i 09-10 tida etter avtale med ansvarleg sjukepleiar. Meld frå når du kjem til sjukepleiar på vaktrommet. Du blir deretter tilvist til daglegstova mens du ventar. Her kan du forsyne deg med drikke. Mat blir servert til faste tidspunkt, les meir om dette på sida om mattilbodet.

 
Det er viktig at du gir beskjed dersom du går frå posten. Du må til ei kvar tid ha din mobiltelefon tilgjengeleg.

Dagpasientar eller permisjonspasientar kjem ofte for trening med bl.a. ergoterapeut og fysioterapeut, utredning/oppfølging med blodprøvar, ultralyd av halskar, undersøking av hjerta eller røntgen kontroll. Dei fleste pasientar som er dagpasient på post 2 er slagpasientar.

Dessverre medfører denne dagen ofte mykje venting for pasienten då dei fleste av disse undersøkingane/kontrollane skjer utanfor avdelinga og i samarbeid med andre avdelingar. Post 2 kan difor ikkje påverka når du får time og iblant må meir a​kutte sjuke pasientar prioriterast.​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.