Nevrologisk post 2 - slageining

Nevrologisk avdeling post 2 er en akuttpost med høyt faglig standard. Avdelingen har 20 døgn og 5 dagplasser og er delt inn i to enheter; generell enhet og Slagenheten. Posten utreder og behandler nevrologiske sykdommer.

Les meir om Nevrologisk post 2 - slageining

Nevrologisk post 2 - slageining

Vi ønskjer å gi kvar enkelt pasient helhetleg og målretta pleie og behandling, der vi tar utgangspunkt i pasienten sine ressursar, problem og behov.

Generell enhet

Generell enhet tar i hovedsak imot pasienter med hjernesvulster og parkinson sykdom, men også andre nevrologiske sykdommer. Utredning, behandling og palliasjon er hovedoppgaver ved enheten.
På sengeposten arbeider sjukepleiar, hjelpepleiar, sekretærar, pleieassistentar og legar.
Fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sosionomar er viktige samarbeidspartnarar, og vi har også jamnleg tverrfaglege samarbeidsmøte.

 

Slagenheten

Slagenheten tar imot akutte hjerneslagpasienter. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos oss.
Slageininga har 18 sengeplasser og vi tek årleg imot ca. 1000 pasientar med mistanke om akutt hjerneslag.
Akutt hjerneslag er ei forstyrring i blodtilførselen til hjernen. Blodårar til hjernen kan ha gått tett på grunn av en blodpropp, og nokre gonger kan hjerneslag skuldast hjernebløding kor ei blodåre i hjernen sprekk.

Eininga yter koordinert, tverrfagleg og spesialisert behandling i tråd med faglege retningslinjer og god klinisk praksis. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hjå oss.

En del hjerneslagpasientar kjem tilbake til ein poliklinisk kontroll innan 3-6 månader etter innlegginga.

Kontakt

Telefon
55 97 50 40
Vaktrom 55 97 50 37
Telefaks 55 97 51 64
måndag - fredag 08.00-15.00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

Informasjon om flybussen i jula 2017

​Flybussen mellom Flesland og Haukeland universitetssjukehus går som normalt (sjå tekst under) til og med 22. desember, men er innstilt i jul og romjul. Oppstart etter nyttår blir 2. januar 2018.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Besøkstider ved Nevrologisk avdeling post 2

​​​Besøkstida ved avdelinga er mellom 17.00 og 20.00. Ver venleg å respektere desse tidene då våre pasientar treng mest mogleg kvile og ro. Etter avtale er det i spesielle tilfelle anledning å koma utan om besøkstida. I desse tilfella må besøket avtales med personalet på førehand.

Kreft- og forløpskoordinator ved Nevroklinikken

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Din forløpskoordinator
Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Kva du bør ta med deg til sjukehusopphaldet?

Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med.

Her er ei hugseliste som kan vere til nytte:
Du får dine medisiner av oss på avdelingen men ta med den faste medisinen du brukar da det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket. Bruk ikke egne medisiner uten å avtale dette med din ansvarlige sykepleier.

Ta også med ei liste over all medisinen du bruker, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.

Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.

Litt pengar til kiosken, for eksempel aviser og vekeblad. Vi rår deg elles til å late pengar og verdisaker bli igjen heime.

På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet.

Legevisitt

​Legen går visitt mellom kl. 09.15-11.30. Vi ynskjer då at du som pasient er tilgjengeleg på rommet.

Sjukepleiarane er tilgjengeleg på telefon etter kl. 12 for pårørande.
Alle tilsette har teieplikt. Dersom pårørande ringjer, vil vi berre gi opplysningar til den personen som pasienten sjølv har oppgitt som kontaktperson. Vi ynskjer at denne kontaktpersonen informerer eventuelle andre pårørande.

Mattilbod ved Nevrologisk avdeling post 2

​På avdeling blir det servert fire måltid kvar dag:
Frukost, kl. 08.00-09.00
Lunsj, kl. 12.00-13.00
Middag, kl. 16.00-17.00
Kveldsmat, kl. 19.30-20.30

Menyen varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om meny på dei einskilde vekedagane på avdelinga. Denne matserveringa gjeld pasientar som er innlagde. Pårørande og besøkande kan nytta kantine, kiosk eller kafeen i Sentralblokka. Er du foreldre til barn under 16 år, som er innlagt ved avdelinga, har ein av foreldra rett på mat frå avdelinga.

Spesielle matbehov
Om du som pasient treng allergitilpassa mat, vegetar eller annen spesialkost. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.

Mattilbod på pasienthotellet
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøken og matsal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.

Telefon

​Avdelinga har ein trådlaus telefon for utlån til pasientar. Vi har ikkje eigne pasienttelefonar på romma.
Eigen mobiltelefon er lov å bruka inne på avdelinga med unnatak av einskilte rom, kor medisinteknisk utstyr kan påverkast. Telefonen skal vere avslått i tidsrommet 22.00-07.00.

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Utskriving og utreise ved Nevrologisk post 2

​Pasienten får oftast vite om utskriving på formiddagen same dagen som utreisen skal skje. Denne dagen inneheld som regel ein del venting for deg som skal reise. Du kan forventa utreise mellom kl. 15-17 same dag, dersom ikkje anna er avtalt på forhand. Dette grunna arbeid med rapportskriving, epikriser, eventuell sjukemelding og reseptar som må være ferdig før pasienten reiser frå sjukehuset.

Ofte er det fleire pasientar som reiser same dag, og alle fagpersonar som har behandla pasienten under innlegginga skal skriva slutt-rapport.
  • Avbestilling eller endring av time ved post 2

    Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved post 2, kan du lese meir om korleis du gjera dette her. Det finst to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe oss mellom kl. 09.00-11.00 alle kvardagar eller så kan du bruke internett.

  • Dagpasient eller permisjonspasient post 2

    Vanlegvis kjem du i 09-10 tida etter avtale med ansvarleg sjukepleiar. Meld frå når du kjem til sjukepleiar på vaktrommet. Du blir deretter tilvist til daglegstova mens du ventar. Her kan du forsyne deg med drikke.

  • Kontroll etter hjerneslag ved post 2

    Ein del av pasientane som har blitt ramma av hjerneslag får tilbod om oppfølging ved post 2. Du vil då få eit innkallingsbrev tilsendt innan 6 månadar etter utskriving.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.