Kontroll etter hjerneslag

Ein del av pasientane som har blitt ramma av hjerneslag får tilbod om oppfølging ved post 2. Du vil då få eit innkallingsbrev tilsendt innan 6 månadar etter utskriving.

 
Undersøkinga kan ta 1-3 timar. På etterkontrollen får du snakke med sjukepleiar, lege og eventuelt fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped. 

Vi måler blodtrykk, puls og oksygenmetting i blodet. Vidare snakkar vi med pasienten om livskvalitet, fysisk og psykisk velvære, eventuelle smerter, medikament, arbeidsforhold, busituasjon, eventuelle plager og behov for hjelp i daglege gjeremål. Nokre pasientar blir følgde opp med spesifikke undersøkinger som røntgen, ultralyd av halskar, blodprøver m.m.

Vi understrekar at vi tilbyr dette som ei oppfølging av dei problema som var årsaka til at du vart innlagt i Nevrologisk avdeling. Eventuelle andre helserelaterte spørsmål må du derfor ta opp med fastlegen din.

​Dersom du ikkje kan møte

Dersom du ikkje kan møte til oppsett tid må du snarast melde frå. 
Avbestilling mindre enn 24 timar før timen vil bli belasta med eit pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling fastsett i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort. Du kan lese meir om korleis du avbestiller/endrar time i høgremenyen.


Informasjon til deg som skal på etterkontroll​

 

Transport

Vi tilrår å bruke offentleg transport til og frå undersøking/behandling. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmidlar, må det godkjennast av behandlar at du eventuelt skal få drosje (samkøyring). For meir informasjon om pasientreiser, sjå www.pasientreiser.no eller ring 91505515.

​Dersom du vel å bruke eigen bil og parkere på sjukehusområdet, ber vi deg om å rekne rikelig med tid då det kan vere vanskeleg å finea ledige parkeringsplassar.​

Ta med deg:

  • Oversikt over medisinar du bruker
  • Frikort om du har dette
  • Namn på fastlege
Eit godt råd er å skrive ned kva du ynskjer å fortelje eller spørje legen/sjukepleiaren om. Det kan ofte vere lett å gløyme ting du har tenkt på i forkant av avtalen.​

Oppmøtested

Ved oppmøte vender du deg til vaktrommet ved Nevrologisk avdeling post 2 i 1. etasje, Gamle hovedbygg. Her oppgir du namn og om du eventuelt har frikort.​

Betaling 

Pasientar må betala eigendel, etter gjeldande takstar og reglar for utgreiing og behandling ved poliklinisk eining. Du kan betale med bankkort i ekspedisjonen, eller få med deg giro som kan betalast i sjukehusets informasjon i Sentralblokka, i eigen bank eller på internett.

SMS- påminning

Vi gir deg ei påminning på SMS i forkant av timen, dersom vi har registrert mobiltelefonnummeret ditt.



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.