Epilepsisjukepleiar

Nevrologisk avdeling har ei rådgjevarteneste for pasientar med epilepsi og deira pårørande. Det er tre spesialistutdanna epilepsisjukepleiarar som arbeider ved sengeposten.

​Epilepsisjukepleiarane sine oppgåver:


  • ​Oppfølging av pasientar som nyleg har fått diagnosen epilepsi og er innlagt på posten.
  • Oppfølgingssamtale med nydiagnostiserte pasientar etter at dei er reist heim frå avdelinga.
  • Intern og ekstern undervisning om epilepsi.
  • Svarer på tilvising og spørsmål om epilepsi frå pasientar og deira pårørande.
  • Svarer på tilvising frå helsepersonell.
 

Kontaktinformasjon

Kvar onsdag har sjukepleiarane kontordag kor dei svarer på spørsmål frå pasientar, pårørande og andre som har spørsmål knytt til diagnosen epilepsi. 

For å få snakka med ein av sjukepleiarane kan du ringe:

​Telefon 
55 97 60 61

Telefontid: 
09.00- 10.30 og 12.30-14.30 kvar onsdag. 

Epost: 
De kan også kontakte dei på e-post: epilepsisykepleier@helse-bergen.no​.
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.