HELSENORGE

Poliklinisk pasient eller permisjonspasient

Vanlegvis kjem du i 09-10 tida etter avtale med ansvarleg sjukepleiar. Meld frå når du kjem til sjukepleiar på vaktrommet. Du blir deretter vist til daglegstova mens du ventar. Her kan du forsyne deg med drikke. Mat blir servert til faste tidspunkt, les meir om dette på sida om mattilbodet.

Det er viktig at du gir beskjed dersom du går frå posten. Du må til ei kvar tid ha mobiltelefonen din tilgjengeleg.

Poliklinisk pasient eller permisjonspasientar kjem ofte for trening med bl.a. ergoterapeut og fysioterapeut, utgreiing/oppfølging med blodprøvar, ultralyd av halskar, undersøking av hjarta eller røntgenkontroll. Dei fleste pasientar som er dagpasient på posten er slagpasientar.

Dessverre medfører denne dagen ofte mykje venting for pasienten då dei fleste av desse undersøkingane/kontrollane skjer utanfor avdelinga og i samarbeid med andre avdelingar. Posten kan derfor ikkje påverke når du får time og i blant må meir a​kutt sjuke pasientar prioriterast.​
 
Fann du det du leita etter?