Avbestilling eller endring av time

Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved posten, kan du lese meir om korleis du gjer dette her. Det finst to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe oss eller så kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestille time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakte oss på telefon.

 

Via internett

No kan du sjekke timeavtalane dine og skrive meldingar til avdelinga du har time hos på nett. I tillegg til å sjå timen din kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

 

Logg deg inn for å:

Få oversikt over timeavtalane dine
Sende ei melding til avdeling du har time hos (ikkje røntgen)
Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)
 

Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.

 

Fortsatt brev i posten

Denne sida vil ikkje erstatte innkallingsbrevet som du får i posten enno, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

 

​Via telefon

Du kan også ringe til oss for å endre eller avbestille timen din. Vi har telefontid mellom 09.00-11.00 måndag til fredag, telefon: 55 97 50 30.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.