Avbestilling eller endring av time ved KNF

Dersom du ynskjer å avbestilla eller endra ein time ved KNF kan du lesa meir om korleis du gjera dette her. Det finst to måtar å gjere det på. Enten kan du rinja mellom kl. 08.00-15.00 alle kvardagar eller kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestilla time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakta oss på telefon.

Skal du på PSG og/eller MSLT undersøking?

Har du behov for å avbestilla time til Polysomnografi (PSG) og/eller Multippel søvnlatens test (MSLT), bør timen avbestillast 14 dagar i førevegen. 


Dersom du ikkje møter fram til timen

Dersom du ikkje møter fram til timen utan å seia i frå innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med eit gebyr på kr 640,- fastsatt i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort.

 

Via internett

No kan du sjekka timeavtalane dine og skriva meldingar til avdelinga du har time hjå på nettet. I tillegg til å sjå timen din, kan du senda ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.​
 

Logg deg inn for å:

  • få oversikt over dine timeavtalar 
  • senda ei melding til avdelinga du har time hjå (ikkje røntgen)
  • sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)
 

Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år, som bur på sama folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velja namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane.​
 

Framleis brev i posten

Denne sida vil ikkje enno erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møta, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.


Via telefon

Du kan også rinja til oss for å endra eller avbestilla timen din. Vi har telefontid mellom 08.00-15.00 måndag til fredag, telefon: 55 97 51 20.

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettl​eiing


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.