Vil du jobbe i Korttidsposten?

Korttidsposten har kring 40 tilsette sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar med bakgrunn frå legevakt, heimesjukepleie, sjukehus m.m. Vi samarbeider tett med dei andre einingane i Mottaksklinikken, og med andre avdelingar og klinikker som er sentrale i undersøking og behandling av pasientar.

En mann og en kvinne i en butikk
Er du sjukepleiar med god kompetanse og som trivst i ein arbeidskvardag med høgt tempo? Då er du velkommen hos oss!
 
I kortidsposten har vi primærsjukepleie, kor den enkelte pleier har ansvar for alt kring "sine" pasientar. 
 
Hos oss får du breddekompetanse frå mange ulike fagområde, du blir god til å sjå samanhenger, og til å tenke proaktivt.
 
​​​​​​​I Korttidsposten har vi eit godt arbeidsmiljø kor det er høgt under taket, og kor alle er med på å skape eit godt miljø.  
 

I Korttidsposten har vi ei eiga brystsmerteeining med plass til fire pasientar. Eininga følgjer eigne retningslinjer for undersøkingar. 
 
Pasientane vert vurderte av kardiolog, og fleire får ultralyd av hjartet og belastings-EKG. Som sjukepleiar assisterer du under belastings-EKG og elektrokonvertering.  ​​​​

På dagtid har personalet i Korttidsposten ansvar for obs.rommet i Akuttmottak. Obs.rommet har fem senger, og tar imot pasientar med behov for eit kortvarig opphald (maksimalt 8 timar). 
 
I vekedagane blir hjartepasientar som kjem frå andre sykehus for å undersøking og behandling ved hjarteintervensjonseininga (HINT) tatt imot i obs. rommet. 
 
 

Dei tilsette hos oss jobbar i turnus med ulike vakter:
 
Kl. 07.00 - 15.00 Dagvakt
Kl. 14.45 - 22.00 Kveldsvakt
Kl. 21.45 - 07.00 Nattevakt
 
 

Lurer du på noko eller har lyst til å snakke med oss? 
 
Einingsleiar
Anette Tvedt
55 97 08 80
 
Ass. avdelingssjukepleiar
Kenneth Vik
55 97 08 90​

 

Sist oppdatert 27.02.2023