HELSENORGE

Sekretærtenesta Akuttmottak

Sekretærtenesta ved Akuttmottaket er døgnbemanna, og tar hand om dei fleste merkantile funksjonar i eininga.

​​​Sekretariatet bemannar resepsjonen i Akuttmottak med ein sekretær som har eit tett samarbeid med sjukepleiar-koordinator. Sekretæren bistår med mottak av pasientar og pårørande i luka, og betener telefonen.
 ​
Ein sekretær bemannar Korttidsposten i kontortida, der vi tek ha​nd om postsekretærfunksjonen.

Vil du søke jobb hos oss? Sjå jobbsøkjarsida vår​​​
 

Registrerer pasientar 

Sekretærane registrerer alle pasientar som vert innlagd på sjukehuset via Akuttmottak. Vi skriv øyeblikkeleg hjelp innkomstjournalar, i tillegg til andre dokument.
 
Pasientane er alltid i fokus hos oss. Vi ønsker at alle våre pasientar og pårørande 
skal oppleve tryggleik og medmenneskelegdom i sitt møte med oss.
Fann du det du leita etter?