I april 2013 innførte Akuttmottak ved Haukeland universitetssjukehus eit nytt verktøy for vurdering og prioritering av pasientar. Verktøyet er basert på det sørafrikanske triageverktøyet SATS (South-African Triage Scale).
Norsk versjon
Etter avtale med dei som eig rettane, er verktøyet tilpassa lokale tilhøve i samarbeid med legar ved dei ulike kliniske avdelingane i sjukehuset. Den norske versjonen har fått namnet SATS Norge og vurderer pasientane med utgangspunkt i ei klinisk prioritetsliste og scoring av vitale parametrar.
Ulike hastegradar
SATS Norge gir ein av fire hastegradar; raud, oransje, gul eller grøn utifrå kor alvorleg tilstanden til pasienten er. Angitt hastegrad seier noko om kor raskt pasienten treng legetilsyn.