Traumeteam

Ved melding frå AMK-sentral om traumepasient (alvorleg skadd) løyser Akuttmottak ut ein traumealarm.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Det blir då sendt ut varsel på personsøkjar til alle som er med i traumeteamet. Teamet får ein kort rapport om kva som har skjedd, skadeomfang og når pasienten kan ventast inn til Akuttmottak.

Ved behov for fagleg ekspertise utover dette blir det på ordre frå teamleiar varsla andre spesialitetar. Dette kan vere radiolog, intervensjons-radiolog, ortoped, nevrokirurg, thoraxkirurg, gynekolog, barnelege osv. ​

Traumeteamet består av:

  • Teamleiar (erfaren kirurg)
  • Anestesilege
  • Anestesisjukepleiar
  • Vaktleiar Akuttmottak
  • Radiograf
  • Bioingeniør
  • 3 sjukepleiarar frå Akuttmottak

 

Kurs i traume

Sjukepleiarar frå Akuttmottak som er med på mottak av traumepasientar har gjennomgått ulike kurs:

Desse kursa er med på å auke sjukepleiaranes reelle kompetanse når det gjeld hardt skadde pasientar. Samstundes gir det fagleg tryggleik gjennom grundig kunnskap. Sjukepleiarane får fagleg engasjement gjennom styrking og vidareutvikling av sin rolle som medarbeidar i traumeteamet.

​Regionalt traumesenter

Haukeland universitetssjukehus vart regionalt traumesenter for Helse Vest 1. januar 2009, og er eit av fire traumesenter i Norge. Dette inneber at Haukeland universitetssjukehus skal vere referansesjukehus for helseregionen.

Det er utarbeidd eigen kontakt og overføringsliste for å hjelpe sjukehusa i avgjerdsprosessar. Det er til ein kvar tid hyppig kontakt mellom sjukehusa som mottar traumar. For spesielle skader kor det er lite volum i Norge nyttast nasjonale senter.

Traumesenteret har også eit overordna koordineringsansvar og oppfølging av faggruppene som samarbeider i traumehandteringa. Av kurs som blir arrangert finst både generelle teamtreningskurs og  spesialkurs for aktuelt helsepersonell. ​​