Koordinator får meldt akutte pasientar til innlegging frå AMK-sentralen, og registrerer pasientane inn i Akuttdatabasen. Alle andre pasientar blir overført direkte / elektronisk til Akuttdatabasen.
Koordinerande sjukepleiar og helsesekretær er dei første pasienten / pårørande og ambulansepersonell vender seg til når dei kjem til Akuttmottak.
Fordeler ressursar
Det er koordinator som har ansvar for å koordinere ressursar til dei pasientane som treng umiddelbar medisinsk hjelp når dei kjem inn. Dette inneber blant anna teaminnkalling ved mottak av for eksempel hjartestans og traumepasientar.
Koordinerande sjukepleiar er den som har best oversikt over tilgjengelege ressursar i avdelinga, og er ein sjukepleiar med lang erfaring i Akuttmottak.