Hjartestansteam

Hjartestansteamet blir tilkalt ved akutte situasjonar som hjarte– eller respirasjonsstans.

​​​​​​​​Sjukepleiar som er med i hjartestansteamet er ein sjukepleiar med lang erfaring i Akuttmottak. Sjukepleiarane blir sertifisert / resertifisert i AHLR (avansert hjerte-lunge-redning) ein gong i året. I tillegg er det hjartestanstrening ein gong kvar 14. dag der teamene kjem saman og øver på ulike scenario.


Hjartestans-alarm

Ved melding om hjartestans på sjukehusets avdelingar eller område løyser AMK-sentralen ut ein alarm. Det blir då sendt ut varsel på personsøker til alle som er med i hjartestansteamet. 

Hjartestansteamet består av akuttmedisinsk ekspertise:

  • Medisinsk A-vakt (Teamleiar)
  • Medisinsk B-vakt
  • Medisinsk turnuslege
  • Anestesilege
  • Anestesisjukepleiar
  • Hjartestanssjukepleiar Akuttmottak